Rabarbra&eple-pai

Steingod dessert! Rabarbra og epler er jo ein nydeleg kombinasjon!
Det var meininga eg skulle laga ei eplekake, men så fall blikket mitt på rabarbraplantene. Aha! Dei sto jo klare med nye, lange, tjukke stilkar! Og mannen min hadde lyst på noko godt etter middagen. Dermed blei denne til:
Nok til 6 personar:
TRINN 1: Rabarbra
- 1 liter oppskåren rabarbra i små bitar (om lag 4 stilkar)
- 1 ts vaniljesukker
- 3 ss farin
- 1 ts kanel
- 1 t ingefær
- 60 ml vatn.
Bland alt og ha i eldfast form i steikeomnen på 180 grader med folie over.
I MENS:
TRINN 2: Eplene
Skjer opp 4 epler – slik at du får omlag 1 liter oppskårne epler
Bland med 1 ts kanel og 1 lønnesirup.
Set til sides.

TRINN 3: Lag smuldredeigen:
- 2,5 dl mandlar
- 1/2 liter små havregryn
- 1 ts kanel
- 3 ss rå kokosolje
- 2 ss lønnesirup
- 1 ss honning
Kjør mandlar i foodprosessoren til dei blir knuste i bittesmå bitar.
Ha i resten og kjør litt til.
Skal bli ein smuldredeig, smultete og litt klebrete.
TRINN 4:
Vask opp! (he, he)
Sjekk om rabarbraen har blitt mjuk. I så fall, ha eplene i forma med rabarbraen.
Bland/rør lett med ei skei.
Inn i omnen att i ti minutt.
TRINN 5:
Ha på smuldredeigen, spre godt utover slik at det blir eit topplok.
Steik vidare i om lag ti minutt til det blir gyllent/litt brunt og eplene er mjuke.

TRINN 6:
Server med vaniljeiskrem.
Ingen søtmons
NB! Eg brukar svært lite sukker i matlaginga av omsyn til min indre hage (dei viktige, nyttige og gode tarmbakteriane) og fordi sukker fyrer opp under betennelsestilstandar i kroppen. Det har påvirka smakssansen min. Nå kan eg ikkje fordra mat som smakar for søtt.
Er du van med mykje søtt, kan du ha på meir sukker på rabarbraen, men prøv å la vera…
Var ikkje rabarbraen seig og trevlete nå? lurer du kanskje på? Nei, dette var ikkje gamle stilkar, men nye som har vakse ut etter at me plukka inn i sommar. Var i alle fall ikkje seige i denne paien!
HER ER FLEIRE OPPSKRIFTER MED EPLE:
- KNALLGOD EPLEKAKE MED VANILJEKREM
- MARGUNNS EPLEFORM TIL BÅDE FEST OG FRUKOST!
- MARIT SI SAFTIGE EPLEKAKE
OG HER ER FLEIRE OPPSKRIFTER MED RABARBRA:
Smuldrepai med rabarbra, bringebær og kokos