Probiotisk sylteagurk

Probiotisk sylteagurk

Sylteagurk, det skal eg ha meir av neste år! Så godt med heimelaga sylteagurk, og mykje sunnare enn den du kjøper! Kjøpeagurken ligg nemlig i lake kokt på eddik og sukker. Min heimelaga er putta ned i glas med saltlake. Resten av jobben gjer gode bakteriar. Det er bare å la glaset stå i romtemperatur nokre dagar til det putrar/boblar litt og agurkane har blitt så sure som du vil ha dei.

Potent probiotika på glas! Supert for fordøyelse og immunforsvar. Må jo stella vel med min indre hage også (trillionane av bakteriar som lever i tarmane og gjer ein viktig jobb både med å fordøya mat og halda oss friske).

Og så lett det er å laga!

Ta gjerne nokre bitar rett før maten, det vil tarmane dine takka deg for! Ser du dei små boblene? Det er liv! Gode bakteriar som kroppen din treng.

OPPSKRIFT: 

  •  1/2 liter vatn
  • 1 ss salt
  • 5 små sylteagurkar
  • 1 ss sennepsfrø eller 1/2 ss sursildkrydder
  • 1 kvast krondill om du har

Framgangsmåte:

  1. Kok opp vatn og salt og avkjøl.
  2. Vask sylteagurkane og stapp dei ned i eit norgesglas saman med sennepsfrø eller sursildkrydder og ein kvast krondill.
  3. Eg brukte 2 store sylteagurkar (som hadde gøymt seg under nokre blad) i staden for 5 små, så eg skar dei i bitar.
  4. Hell over kald saltlake til det dekker agurkane heilt.
  5. Legg eit reint kjøkkenhandklede over glaset, men legg ikkje på loket. Set det ut av sollys, gjerne på ein mørk stad i romtemperatur.
  6. La stå i 3-5 dagar. Smak og kjenn om agurkane har blitt så sure som du likar dei.
  7. Då set legg du på loket og set det i kjøleskapet.

LES MEIR OM AGURK, både vanlege og uvanlege sortar: 

Epleagurk og musemelon



2 kommentarar om “Probiotisk sylteagurk”

  • Hei. Har prøvd oppskriften din over, men var uheldig slik at kledet kom i kontakt med saltlaken mens agurkene sto til fermentering. Det sugdetil seg en del væske, slik at agurkene ble eksponert for luft. Heller enn den boblingen du viser til på bildet ditt har det nå kommet et tynt lag mugg over agurkene mine. Det ene glasset luktet råttent og ble kastet, mens det andre ikke mistet fullt så mye saltlake og lukter ikke råttent. Bør jeg hive det likevel?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: