Epletrea våre: Fire gode sortar

Epletrea  våre:  Fire  gode  sortar
Nabojenta Sofie strekkjer seg ut mot eit ekstra rødt og stort "Summerred"-eple. (Foto: Jan Inge Haga)

«Summerred», «Katja», «Discovery» og «Aroma» heiter dei fire sortane epler eg dyrkar.  Her kan du lesa kvifor.  Smak er sjølvsagt viktig, men det handlar også om motstandskreft mot sjukdomar og kva sortar som hjelper kvarandre til rik bløming og bering. Du får også tips om lagring av epler.

«Summerred» har stått i min hage i over 25 år, dei tre andre planta eg i Leikeplasshagen i fjor vår.  Hausten 2017 planta eg også eit «Discovery»-tre i min hage.

«Summerred» . (Foto: Jan Inge Haga)

«Summerred» har eg vore og er svært nøgd med. Treet ber rikt, eg får mengder av røde epler kvar september. Etter den solrike sommaren me har hatt i år, er epla ekstra fine (frukttre får lettare soppsjukdommar på våte somrar). Dei er også mogne minst to veker før dei var klare i fjor.

Det er absolutt nødvendig med kraftig tynning av eplekarta straks dei dannar seg. Viss ikkje blir det mange små og dårlege epler. Sjølv om mannen min og eg stod i to timar og plukka vekk småkart etter bløminga var over siste veka i mai, har greinene vore så fulle av eple at eg ei stund var redd dei skulle knekka.

Minst 100 kilo epler i året, trur eg. Naboen meinte 300! Eg har aldri hausta alle på ein gong, så veging har det ikkje blitt.  Heile september er ein einaste lang eplefest med eplekaker i alle variantar mest kvar dag, og ferskpressa juice (juicar saman med ulike grønsaker). Fleire kilo har også gått til barn og barnebarn, likevel er kjøleskapet fullt.

Epla held seg fleire veker i kjøleskapet.

NB! Før du puttar dei i kjøleskapet: Tørk regnvåte epler. Vask skitne epler. Sorter vekk epler med fall/dunkskader eller epler med sjukdom. Handter dei varsamt, slik at dei ikkje får «dunkblemmer».

Eg legg dei i grønsaksskuffene med kjøkkenhandklede mellom kvart lag og i plastposar.

Vanlegvis lagar eg også eplemos av dei styggaste epla, men i år er alle fine!

Under tørkeperioden i sommar, priorterte eg å vatna dette epletreet. Det står nemleg i full sol heilt sør i hagen.

i starten av september blir «Summerred» rødare og rødare. (Foto: Margunn Ueland)

Fasongen er oval, fargen flott: Når dei er mogne, får dei ein sterk raudfarge. Det gjeld å venta til den tid, sjølv om dei også ser freistande ut før dei er heilt raude.

I fylgje epleekspertar i Hardanger, er sorten utsett for skurv og kreft.  I år var der ikkje ein einaste prikk på eit einaste eple.

Hos meg er «Summerred» mogen fyrst.

Dernest kjem «Katja».

«Katja». (Foto: Margunn Ueland)

«Katja» valde eg fordi eg fekk det anbefalt av Norunn Ø. Koksvik i Sandnes, som er ei særs dyktig hagedame. Den andre grunnen var at «Katja» og  «Discovery» er gode pollensortar for «Summerred». Det vil seia, dei er gode pollensortar for kvarandre, noko som tyder at det er lurt å ha desse i nærleiken av kvarandre om du vil ha mange eple.

Derfor har eg også «Aroma», fordi «Aroma» og «Discovery» er gode pollensortar for kvarandre.

Men ikkje bare derfor.

«Discovery». Har du sett så fantastisk! Smaken var vidunderleg! (Foto: Margunn Ueland 2017)

Dei beste epla eg har smaka, var «Discovery»-epla ei hageveninne hadde med som takk for stauder hausten 2016. Då måtte eg bare kjøpa eit «Discovery»-tre.

Neste år kom det med 8 epler. Som eg passa på dei epla! Lenge hang dei runde og raude, men i motsetning til «Summerred» var dei ikkje mogne til trass for raudfargen. Eg testa nemleg eit, og kjernene var kvite (brune i mogne epler). Men fantastisk vakkert! Så kom høgtidsstunda: Eg skar eit moge eple i to: Saftig, kvitt eplekjøt med røde marmoreringar! Det var det ALLER beste eplet eg har smaka.

Litt småsur blei eg derfor i haust når mest alle «Discovery»-epla forsvann her  ein dag….. Ja, ja, var nok  fristande for skuleungane som gjekk forbi. Men kunne dei ikkje heller ha teke av «Summerred» som det var mengder av!

«Discovery»-eple på ungt tre i Leikeplasshagen. (Foto: Margunn Ueland)

I «Leikeplasshagen» har epla både på «Katja», «Discovery» og «Aroma» blitt svære. Dei må ha nytt godt av føda eg gav graskara som veks under frukttrea.

«Krev god jord og gjødsling», les eg proffane i Hardanger skriv om «Discovery». Ja, det stemmer nok det, for treet i graskaråkeren har dobbelt så store eple som mitt i staudebedet.

I fylgje ekspertane i Hardanger er «Discovery» sterk mot skurv,»Katja» er sterk mot mjøldogg og skurv.

Det er bra, for sprøyting kjem ikkje på tale! Og nå har det kome mjøldogg på graskarblada…

«Discovery» kan også lagrast lenger enn andre tidlegsortar. Trur nok ikkje det blir noko lagring av «Discovery», nei. Blir nok oppeten før epla kjem i hus..

«Discovery» er det bakerste treet i Leikeplasshagen, «Katja» står i midten og «Aroma» fremst.

«Aroma», ikkje klar ennå…. Som du ser er det stort og flatrundt med gulgrøn grunnfarge og meir eller mindre rød dekkfarge på solsida av eplet. Det har eit naturleg «vokslag» som eg måtte kjenna på med fingeren. (Foto: Margunn Ueland)

Eg håpar ungane hugsar at «Aroma» må dei venta med å plukka, for dette er  den sorten som blir seinast mogen: Haustetid skal vera i starten på oktober.

Verd å venta på: Denne sorten synes eg er knallgod i kaker og eplemos.

Også desse tre epletrea tynna eg kart på i vår.

Eg seier det igjen: Plant eit epletre eller to! Det vil du ikkje angra på. Ikkje bare får du vakre, deilege, usprøyta, solmogne epler i mengdevis, til våren kan du gleda deg over den vakraste bløminga som tenkjast kan.

Epletreet i hagen min er høgdepunktet i mai (bløming) og nå i august/september. Det beste eg har i hagen!

På denne bloggen finn du fleire oppskrifter med epler: 

MARGUNNS EPLEFORM TIL BÅDE FEST OG FRUKOST!

MARIT SI SAFTIGE EPLEKAKE

KNALLGOD EPLEKAKE MED VANILJEKREM

RABARBRA&EPLE-PAI



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: