Ufo-suppe med squash og persille

Ufo-suppe  med  squash  og  persille
Smakfull, lysegrøn Ufo-suppe av kvit muslingsquash og grøn persille. (Foto: Margunn Ueland)

Eg elskar suppe! Både fordi det er godt, varmande, sunt, lettvint, drygt og billig. Og så går det an å laga suppe av einkvar grønsak! Blir godt mest uansett kva du har i gryta om råvarene er gode.

Eg tek alltid utgangspunkt i kva grønsaker eg har i hagen. Nå er det muslingsquash «Scallopini» som leverer massevis med kvite frukter – ungane i gata kallar han for Ufo-squash. Her er også flust av bladpersille. Stangsellerien bør også haustast.

Dermed blei denne suppa til:

Ingrediensar:

(Nok til 2 svoltne vaksne)

  • 800 gram sommarsquash (du kan bruka vanleg grøn squash om du ikkje har kvit muslingsquash)
  • 4 fedd kvitløk
  • 2 stilkar stangselleri
  • 1 STOR bunt bladpersille
  • 4 dl kyllingkraft/buljong
  • 1 dl fløyte
  • Peppar
Temmeleg mykje persille, ja! (Foto: Margunn Ueland)

Framgangsmåte:

  1. Skjer opp squashen og stangsellerien i bitar (så små som du gidd).
  2. Skrell og hakk kvitløken.
  3. Steik squash, stangselleri og kvitløk i ei tjukkbotna gryte til dei blir mjuke, gylne, kanskje bittelitt lysebrune. Ikkje bruk sterk varme.
  4. Hakk persillen.
  5. Ha i persille og kyllingkraft.
  6. La putra i om lag ti minutt.
  7. Blend alt med stavmiksar (eller ha det over i ein kjøkkenmaskin og ha det så tilbake i gryta).
  8. Tilsett fløyten og la det småputra 5-10 minuttar til.
  9. Smak til med peppar.

Server gjerne med kvitløkbrød eller bruchetta (rista brød med olivenolje og hakka tomatar).

Det blei ei lysegrøn, fin og smakfull, litt tjukk og ganske mektig suppe som gjorde to vaksne personar stappmette.

Nye «Ufo»-squash på gang.. (Foto: Margunn Ueland)

Eg dyrka fleire ulike sortar sommarsquash dei siste åra. Dette er favorittane mine:

MINE TRE BESTE SOMMARSQUASH



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: