Mine tre beste sommarsquash

Mine  tre  beste  sommarsquash
Kvite"Scallopini" og gule "Goldy". (Foto: Margunn Ueland)

Dei nominerte er:

Gule «Goldy» : Sidan starten av juni har den levert mengdevis med flotte gule squash, bortimot ein kvar dag! Fargen lyser opp, til å bli i godt humør av. Pyntar opp både i pallekarm, bed, i gryte og på fat.

Potent sommarsquash. (Foto: Margunn Ueland)

«Fruktene» held seg fine og blir ikkje rotne i tuppen slik som ein del andre squash eg har hatt gjer. Det kan jo ha samanheng med den solrike sommaren, men også i august har denne sorten vore slik. Og i august regna det mest kvar dag her i Stavanger.

Blada har også halde seg friske og fine (men eg har kutta bort gamle blad etterkvart).

Smaken er god. Ikkje nødvendig å fjerna skalet på nyplukka «Goldy».

Massevis av blomar på «Scallopini!. Langt om lenge kom bittesmå lysegrøne frukter, så blei dei større og større og lysare og lysare. Foto frå siste halvdel av august 2018. (Foto: Margunn Ueland)

Muslingsquash «Scallopini», eller UFO-squash som ungane i gata kallar han, har jo den kulaste fasongen. Alltid artig med noko som skil seg ut.

Både planten og fruktene held seg friske og fine.  Men skal seia planten blei stor! Større enn «Goldy» som veks ved sida av både i pallekarm og i bed.

Minuset med denne, er at han kom så seint! Ikkje før i slutten av august. Og då hadde han blomstra i vekevis før det. Men når han fyrst kom, bar han fram mange «frukter» på ein gong.

Eg gledar meg til å finna ut koss eg skal utnytta denne i matlaginga. Av den fyrste eg hausta, laga eg suppe. (Oppskrift  kjem på bloggen seinare, eg må bare laga suppa ein gong til fyrst, slik at eg kan måla og skriva ned mengdene).

Men med den fasongen, å det jo vera gøy å dela han i to, fylla med noko godt, leggja «squashloket» på og baka heile stasen i omnen? Nokon som har prøvd?

«Black Beauty» var god første halvdel av sommaren, men så dabba han av. Dette biletet med barnebarnet mitt Maja tok fotograf Jan Inge Haga den 5. juli.

Årets tredje sort, var den mørkegrøne «Black Beauty». Den får plusspoeng fordi den var raskast ut med frukter, men minuspoeng fordi han dabba av alt i august og blei så stygg på blada at han rett og slett hamna i kompostbingen.

For to og tre år sidan dyrka eg også mørkegrøne sortar (hugsar dessverre ikkje sortsnamnet). Det eine året var solrikt og varmt, det andre vanleg, stavangersk og regnfult. Begge åra sleit eg med at dei «mygla» i tuppen.

«Tapir», fotografert av Margunn Ueland i fjor haust.

Derfor vart eg knallimponert i fjor av den grønstripete «Tapir». Sjølv om det var den kaldaste og våtaste sommaren på lange tider, held han seg frisk og produserte i mengdevis. Ikkje blei han særleg svær- alltid ein fordel når ein ikkje har allverda med plass. Dei sølvspettete blada heldt seg friske og fine. Smaken var god og han kom med «frukter» til midten av oktober!

OPPSUMMERT/RESULTAT AV KÅRINGA: 

  1. plass: «Goldy»
  2. plass: «Tapir»
  3. plass: «Scallopini
Vinnaren av kåringa mi: «Goldy». (Foto: Jan Inge Haga)

Massevis!

NB! I fjor hadde eg to «Tapir» og det var meir enn nok både til meg og nabolaget. Det hadde derfor sikkert vore lurt å avgrensa seg til maks to squashplanter i år, men du veit… Det blei 1 «Black Beauty», 2 «Goldy» og 2 «Scallopini».

Ein familie på fire treng neppe meir enn ein squashplante… Den mørkegrøne sorten her veit eg dessverre ikkje namnet på, for eg fekk han som liten plante av ei veninne. Fin med dei gylne flekkane. Kan det vera «Diamant»? Leverte dårleg, men var nok på grunn av at han måtte konkurrera med ein diger graskarplante. (Foto: Margunn Ueland)

Eg har aldri ete så mykje squash i heile mitt liv! Så minn meg på det til neste vår: Det er meir enn nok med to…..

Mattips

Men dei kan nå brukast til så mangt: Her er nokre oppskrifter der eg har brukt squash, både i kaker og i middagar:

Av dette laga eg tre former med grønsakslasagne.(Foto: Margunn Ueland)

Grønsakslasagne for glade magar.

Gjerne litt parmesanost på toppen.

Penne della casa mia med rød og grøn saus.

Med grønkål, kikerter og ekstra krydder.

Når-du-har-masse-squash-3: Lag 3 ulike middagar frå ei grunnrøre

Formkake med gul squash.

Når-du-har-masse-squash-2: Bak endå fleire og sunnare kaker

Formkake med sommarsquash, rosiner og nøtter. (Foto: Margunn Ueland)

Når-du-har-masse-squash-1: Bak kake!



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: