Knallgod eplekake med vaniljekrem

Dette er søndagseplekaka over alle eplekaker. Av dei tre eplekakene eg har laga sist sundag, likte barnebarn, bonusdotter, svigerson og mannen min denne aller best. Og denne var den lettaste og raskaste å laga! Oppskrifta får du her.
Takka vera ei eldre svensk dame: “Appelkaka a la Bergmark. Gammalt fint recept”. Foto av ei handskreven oppskrift på Instragramkontoen til @agnesblomman (Anna-Lisa Blomberg), fekk meg til å stoppa opp.
Den måtte eg prøva. Skilde seg ut frå andre eplekakeoppskrifter eg har prøvd.
Å himla jord så god!
(Oppskrifta er forklart på min måte)
Ingrediensar:
- 75 gram smør
- 75 gram sukker
- 1 dl kveitemjøl
- 1 ts vaniljesukker
- 1 1/2 dl fløyte
- 5 epler (@agnesblomman oppgav ikkje kor mange, men 5 epler var nok til å dekka botnen i ei rund, vanleg kakeform og vel så det…)
- 1 neve mandlar (ikkje i oppskrifta til @agnesblomman, men eg syns det passa).

Framgangmåte:
- Smør ei rund kakeform.
- Skjer eplene i tynne båtar og legg dei i botnen av forma.
- Ha smør, sukker, kveitemjøl og fløyte i ei gryte.
- Kok opp – ikkje bruk sterk varme- mens du rører godt heile tida. Stopp når du før ei røre og ta gryta av varmen.
- Tøm røra over eplebåtane og glatt røra utover med ein slikkepott.
- Hakk mandlene og drys på toppen.
- Bak i omnen på 175 grader til eplene er mjuke og kaka får ein gyllengul farge, dvs. omlag 1 time.

Veldig greit! Ikkje noko styr med kjøkkenmaskin, ikkje noko pisking, bare å røra i hop og koka opp!
Server med vispa kremfløyte, var @agnesblomman sitt forslag. Eg syns vaniljekrem smaka endå betre til.
SLIK LAGAR DU VANILJEKREM:
- 3 dl kremfløyte
- 2 eggeplommer
- 1 ss sukker/farin
- 1 ss potetmjøl
- 1 ss vaniljesukker

Framgangsmåte:
- Bland alt utan vaniljesukker i ei gryte og set på varmen. Rør godt i gryta heile tida mens det kokar opp. La det småkoka (ikkje kraftig koking!!) i eit par minutt, hugs å rør. Ikkje la det koka lenger, då kan kremen fort skilja seg.
- Ha kremen over i ei skål, set i kjøleskapet og visp av og til. Smak den kalde kremen til med vaniljesukker.

Farleg godt, kan fort bli mykje smaking…..
Jo, eg må nok laga denne kaka på ny denne helga, ja…
MARGUNNS EPLEFORM TIL BÅDE FEST OG FRUKOST! (utan sukker og kveitemjøl) laga eg på nytt tidlegare i veka. Med ein ny vri: Bjørnebær i staden for rosiner, hasselnøtter og mandlar i staden for valnøtter. Eg syns det blei endå betre!
Her er ei god oppskrift på ei “klassisk” eplekake:
Oppskrifter med epler og grønsaker er populære på denne bloggen:
MARGUNNS KJØKKENHAGE FEIRAR HALVTÅRS-JUBILEUM MED EPLEREKORD
HAR DU JUICEMASKIN? Av epler blir det god juice! Sunt og godt å blanda med grønsaker:
Fantastisk flott blogg , og jeg er imponert over alt du får til. Har også hatt stor glede av epletreet mitt. Vil bare tipse om en genial epleskrellemaskin som de selger på Clas O. Den er mekanisk, og skreller, skiver og fjerner epleskrotten i en operasjon. Veldig praktisk, og små unger synes det er kjempekjekt å være med på det. Fint på eplekake, lettvint når du koker mos.
Tusen takk! Så fint at du likar bloggen. Takk også for tips, men eg skreller aldri (svært sjeldan) eplene! God helg!