Skål med sunn “Pernod”!

Sidan det er fredag, skal du få oppskrift på ein god drink!
Fennikel, har du kjent koss nyplukka fennikel luktar? Ikkje bare heile planten frå rot til toppduskar spreier god anislukt, det angar også frå jorda der han vaks.

Fersk juice kvar dag er ein luksus eg kan unna meg på denne tida av året kor beda i kjøkkenhagen står fulle og epletreet slepp ned ei korg med mogne epler kvar dag.Juice av bare fennikel og epler er ein av yndlingsjuicane mine. Men eg likar som kjent å stadig prøva ut noko nytt:
Her er dagens oppskrift på “Sunn Pernod”:
- 2 fenniklar med stilkar og duskar, ja alt.
- 1/2 rosa grapefrukt
- 12 epler
- 1 grøn squash
- Ein skvett vatn
Framgangsmåte:
- Vask epler og fenniklar.
- Skjer eplene i to, ta bort stilk og kjernehus. Ikkje skrell dei!
- Vask fenniklane, kutt av rota, del dei i fire.
- Køyr alt gjennom ein sentrifugejuicar.
- Ha i ein skvett vatn (1 dl) til slutt for å “skyla ut” juicen.

Det blei mest 2,5 liter grøn juice med “vaksen” smak.
Juicen heller eg over på glasflasker og set i kjøleskapet. Då held han seg i fleire dagar. Men aller best smakar nypressa juice!
Søtt med squash!
NB! Squash er forbausande god i juice. Set ikkje “grønsakssmak” på juicen, men tilfører søtleg juice. Godt for å tynna ut sterk smak i fennikel, mangold, grønkål eller andre grønsaker eg juicar.
Demper også syra i grapefrukt og epler.

Sentrifugejuicar eller slowjuicar?
Eg har begge deler.
Fordelen med slowjuicar, er at han pressar ut meir saft av råvarene, slik at det blir mindre svinn. Juicen skil seg heller ikkje.
Ulempa er at fiber i grønsaker som fennikel, grønkål osv. lett set seg fast og stoppar opp heile prosessen.
Det tek også lenger tid å juica med slow-juicar, og du må skjera fruktene og grønsakene opp i mindre bitar på førehand.
Fordelen med sentrifugejuicar, er at det går jysla fort, du kan stappa heile epler, rødbeter, heile svære mangoldblad med stilkar osv. i “stapperøyret”, og fiberrike grønsaker er ikkje noko problem.
Ulempen er at det blir meir svinn, og at juicen skil seg. Men då er det bare å røra oppi glaset med ei skei, eller snu opp ned på flaskene.
NB! VASK JUICAREN GRUNDIG STRAKS DU ER FERDIG MED JUICINGA.
Avfallet hamnar i Bokashi-bøtta mi kor eg fermenterer alt matavfall og/eller i varmkompostbingen. Blir til super jord.
GOD HELG! Her i Stavanger blir det regn, ypperleg vêr til å koka suppe og baka eplekake – oppskrifter finn du her på bloggen: