Margunns kjøkkenhage feirar halvtårs-jubileum med eplerekord

Snart 100 000 visningar, så kjekt! I dag er det seks månadar sidan eg starta denne bloggen. Her kan du sjå kva som har vore dei tre mest populære innlegga kvar månad.
“Jubileet” skal feirast med “Penne della Casa mia med rød og gul saus” som var det fjerde mest leste innlegget i august og med “Margunns epleform til både fest og frukost” . Den oppskrifta publiserte eg i går, og alt i dag er det mest lest av av alle innlegg med 2,132 visningar (innan klokka 18:30 i dag). Bloggen samla er akkurat nå oppe i 90.902 visningar.
Her er dei 3 mest populære innlegga i kvar av dei 6 månadene:

MARS:
Velkomen til Margunns kjøkkenhage!
Hurra, eit lass med halm og skit!

APRIL:
Slik dyrkar eg poteter utan spade og greip.
Salat og spinat i baljar, lettvint og godt.

MAI:
Nå har tomatplantene blitt heilt galne.

JUNI:
Her får du planteplanen til staudebedet mitt.
Kva dekker du jorda med, og kor får du tak i det?
I dag blei det krydra indisk gryte med grønkål.

JULI:
Fiolett antioksidantbombe (smoothie-oppskrift med mellom anna blåbær og rødbete)
Når du har masse squash-del-2: Bak endå fleire og sunnare kaker
Slik får du 2 avlingar i ein dobbel pallekarm pluss 4 ekstra trillebårlass med jord

AUGUST:
Regnbogesuppe – jo meir du et, jo betre.
Slik kan ein salat fort bli til mange.
Eventyrlege graskar, slik har det gått med dei ti sortane

SEPTEMBER:
Mest lest i dag før 18:00
- MARGUNNS EPLEFORM TIL BÅDE FEST OG FRUKOST!
- MARIT SI SAFTIGE EPLEKAKE
- PASS DEG FOR PELARGONIAR, DU KAN LETT FÅ DILLA…
- MAISFEST I LEIKEPLASSHAGEN
- GRØNSAKSLASAGNE FOR GLADE MAGAR
- VELKOMEN TIL MARGUNNS KJØKKENHAGE!
- ÅRETS CHILI: KINESISK FARGEPRAKT OG SPANSK OVERRASKING
- SJÅ FLOTTE FOTOS FRÅ HAGEN I AUGUST
- TOMATOVERFLOD PÅ GLAS À LA CAMILLA, – KNALLGODT!
- REGNBOGESUPPE – JO MEIR DU ET, JO BETRE!
Ingen tvil om at de likar oppskrifter på sunne kaker, supper og smoothiar! Fleire skal bli!

Bli med!
Vil du fylgja meg på bloggen, blir eg svært glad. Klikk på knappen “Følg meg”, skriv inn e-postadressa di i feltet, trykk Følg meg. Gå så til e-posten din. Der skal det koma ein e-post. Klikk “stadfest”. Då er du fylgjar. Det er gratis, og du vil nå få ein e-post kvar gong eg legg ut eit nytt innlegg på bloggen.
På Facebook er min private profil Margunn Ueland. Eg har også ei Facebookside som heiter Margunns kjøkkenhage. Er du interessert i hage, mat og helse, er det best å fylgja meg på Facebooksida. Der legg eg ut mest slikt stoff, både innlegg og bilete.