Maisfest i Leikeplasshagen

Maisfest  i  Leikeplasshagen
Endeleg var maisen klar! Det blei eit festmåltid for ungane i gata. Frå venstre: Malene, Nora, William og Alvin. (Fotos: Jan Inge Haga)

Kva tid kan me eta maisen? Heile sommaren har ungane i gata venta. Maisplantene var jo så høge, og kolbene såg store og tjukke ut!  Frå i fjor visste dei kor uhorveleg godt det smaka med nyhausta, nykokte maiskolber, dryppande av smør…

Legg merke til dusken ytterst på kolba. Fyrst er han lys, så blir han mørkare og mørkare etterkvart som kolba svell og mognar. Denne kolba kan me venta litt til før me plukkar, for dusken er meir brun enn svart.

«Me må venta til duskane ytterst på kolbene blir svarte», forklara eg.  «Brunt er jo mest det same som svart», meinte den ivrigaste av dei, men nei, her måtte me vera tolmodige.

Nå var endeleg tida inne. Hoppande og sprettande kom seksåringane Alvin og William med veslesystrene Malene og Nora på tre år.

Mens Malene og Nora fauk rundt og nappa små gulerøter og smaka på eplene,  stod Alvin og William klare for den store oppgåva.  Høgtideleg gjekk dei inn i «maisskogen» på jakt etter dei største kolbene.

William fann ei diger kolbe straks, Alvin fekk også auga på ei stor.

Koss såg dei ut inni tru? Spente drog dei av lag etter lag med lysegrøne blad.

Gul mais med lange kvite frynser kom til syne.

Åj, for ein mais! William var kjempekry. Men det er ikkje alltid at dei som ser store ut utanpå er store inni…. Alvin måtte finna seg ei ny for å kunna konkurrera med William sitt perfekte eksemplar.

Og kva fann han, midt i maisskogen?

Ein kjempediger! ropte han. Spent gjekk han i gong med «utpakkinga». Men så tettpakka denne kolba var då!

Men Alvin har sterke nevar, og resultatet var topp:

Bortsett frå at kolba mangla nokre gule korn i tuppen. «Men sånn er naturen, alt er ikkje perfekt, akkurat som oss, kommenterte mor til Wiliam.

William og Alvin syns nå kolbene var ganske så perfekte. Nå hadde dei fått «blod på tann». Fleire kolber ville dei plukka.

Men nå var det jentene sin tur. Storebrødrene var meir enn viljuge til å hjelpa…

Snille William finn ei fin kolbe til veslesyster.

Inne på komfyren sto ei diger gryte med kokande vatn. Ja, for kortare tid det går mellom hausting og koking, jo søtare er maisen!

 

Det vart eit festmåltid. Verd å venta på.

Så godt! (Foto: Jan Inge Haga)

Etter at gutane hadde ete to store kolber kvar, ville dei plukka endå meir. Me vaksne måtte jo også få. Ungane teikna og hoppa paradis i gata mens nabodrøsen gjekk rundt bordet i Leikeplasshagen i ettermiddagssola. Herlege september!

Slik dyrkar du mais

Det var i midten av april at Alvin og Malene sådde maisen i 18 små potter. Sorten heitte «Golden Bantam».

Alvin (5) sådde 1 maisfrø i kvar av dei lysegrøne pottene i midten av april. (Foto: Ragnar Fossen Olsen).

Småplantene passa eg på i drivhuset. Sidan potta eg dei om to gonger, siste gongen i djupe rosepotter – før eg planta dei ut den 20. mai. Den siste tida før hadde eg dei ståande ute på terrassen, slik at dei skulle få herda seg. Veks dei for fort i varme drivhus, kan dei lett knekka ved utplanting og i fyrste stive kuling.

Maisplantene etter 1. ompotting. Fotografert den 11. mai av Jan Inge Haga.

Utplanting: Vel ein lun, solrik plass mest mogeleg skjerma for vind. Viktig er det også å planta maisen i «blokk», det vil seia samla ved sida av kvarandre, ikkje i ei lang rekke. Hannblomane (spira i toppen) dusjar pollen ned frå toppen av planten til hoblomane nedføre. Pollinering skjer best når plantene står samla, fordi då er sjansen størst for at pollenet landar der det skal.

Nyutplanta mais den 20. juni 2018. (Foto: Margunn Ueland).

Sidan dette blir kraftige planter, treng dei god, næringsrik jord. I Leikeplasshagen veks  bed bygd opp lag på lag av organisk materiale med tjukt grasdekke på toppen.

Maisen veks fort, og blir til staselege planter. Han treng etter måten stor plass i forhold til kor mykje mat det blir, men det er verd det!

Så blei dei heilt stille. Bare åt. Me høyrde bare smatting. (Foto: Jan Inge Haga)

GISS KVA SOM ER DEI MEST POPULÆRE INNLEGGA PÅ BLOGGEN! SVAR HER: MARGUNNS KJØKKENHAGE FEIRAR HALVTÅRS-JUBILEUM MED EPLEREKORD



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: