Margunns epleform til både fest og frukost!

Margunns  epleform  til  både  fest  og  frukost!
Denne både sunne og gode eplestrudelen må du prøva! (Foto: Margunn Ueland)

Uhyggeleg kor mykje sukker, smør og kveitemjøl det er i dei fleste eplekakeoppskriftene! Her har eg klekka ut ein sunn vri på eplekake.

Inneheld korkje, sukker, smør eller kveitemjøl, bare helsebringande ingrediensar!  Så sunn at du kan eta denne til frukost i staden for havregraut. Også god til kaffekosen..

OPPSKRIFT (8 porsjonar)

  • 2,5 dl mjølk (kumjølk eller soyamjølk eller mandelmjølk)
  • 2 ts vaniljesukker
  • 2 ts kanel
  • 6-7 epler (kjem an på kor store dei er)
  • 2 nevar rosiner
  • 2,5 dl små, lettkokte havregryn
  • 2 nevar valnøttkjerner
  • 4 ss knuste linfrø
Havregryn, valnøtter og epler er hovedingrediensane i denne gode strudelen.

Framgangsmåte:

  1. Set steikeomnen på 180 grader.
  2. Hakk valnøttkjernene.
  3. Skjer eplene i bitar.
  4. Miks mjølk, vaniljesukker og kanel i ei stor skål.
  5. Rør inn linfrø, havregryn, rosiner, epler og valnøtter.
  6. Tøm røra i ei smurd eldfast form.
  7. Bak i omnen i omlag 1 time.
  8. Server med vaniljekesam eller yoghurt.
Fort gjort! Då var eplerøra forma, steikeomnen neste!

Kos deg!

Eg prøvde meg på to nye eplekakeoppskrifter og klekka ut ei sunn epleform sist helg. Maja og Håvard fekk smaka. Eg var spent på kva kake dei likte best… Det var den i midten. Oppskrifta på den får du her.

Barnebarna mine Maja og Håvard likte denne kjempegodt, dei tykte til og med epleforma/eplestrudelen var endå betre enn «Marits saftige eplekake». Kanskje det var fordi eg sa dei kunne eta denne til frukost også?

LES OGSÅ:

MARGUNNS KJØKKENHAGE FEIRAR HALVTÅRS-JUBILEUM MED EPLEREKORD

 

 



2 thoughts on “Margunns epleform til både fest og frukost!”

  • Hei Margunn!
    Takk for oppskrifta! Kjekt med noko som er både sunt og vegansk! Prøvde den på mandag, ledermøte i speidern. Tenkte eg måtte safe litt og tok i litt daddelmos i tillegg. Kaka vart spist nesten opp, men folket trudde ikkje på at den var Såå sunn, sukker er sukker, liksom. Har lyst til å tru at det naturlege sukkeret, sjølv om det er i tørka frukt, er litt sunnere enn kvitt rørsukker?

    • Så gildt at du prøvde epleforma! Poenget er at det i dei fleste eplekakeoppskriftene er 1,5-3 dl sukker, ofte raffinert kvitt sukker. Her er det null slikt sukker. Søtinga er frå rosiner. Ja, frukt inneheld sukker, men desse rosinene inneheld på langt nær så mykje sukker som i vanlege eplekaker. DESSUTAN: fruktsukker i naturleg form er sunnare enn raffinert sukker. Grunnen er at det sukkeret kjem innpakka i rosina som også innneheld fiber, vitaminer, minaralar, plantekjemikaliar. I raffinert, kvitt sukker, er det ikkje noko gode stoff som kroppen treng. Det er jo sukker også i rødbeter, gulerøter, eple osv, men derfor må ikkje slutta å eta frukt og grønsaker.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: