Årets chili: Kinesisk fargeprakt og spansk overrasking

Årets  chili:  Kinesisk  fargeprakt  og  spansk  overrasking
Chili "Chinese five colours". (Foto: Jan Inge Haga)

«Chinese five colours» er årets nye favoritt: Blomane er lilla (ikkje kvite som på chiliar flest), så kjem lilla frukter. Etter ei tid blir nokre gule, så oransje, så røde. Alle skiftar farge, men ikkje samstundes. Ein fryd auga! Skal visst nok vera sterke, har ikkje våga å prøva ennå..

Fyrst lilla, så gult, så oransje, så rødt. (Foto: Margunn Ueland)

Har du vore på tapasbar i Spania eller Baskerland og fått servert nygrilla «Padron»? Ein mild chillisort som ser ut som små paprika. Steingode etter 10-15 minutt i omnen (heile chili) og servert med litt godt salt og olivenolje.

«Padron». (Foto: Jan Inge Haga)

Stor suksess i fjor (sonen min elskar chili), så sjølvsagt måtte eg ha i år også.

Å eta «Padron» er litt som russisk rullett. Dei aller fleste er milde, men innimellom fins det ein eller annan kruttsterk! I år var det flesteparten! Bomber og granatar…

Chili tek lang tid. Eg sådde desse i slutten av januar.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: