Marit si saftige eplekake

Marit  si  saftige  eplekake
Nybakt eplekake, - det blir mange slike i september, ja! (Foto: Margunn Ueland)

«Eplekake eller bakte epler med kanel, mandlar, litt smør og lønnesirup og vaniljeiskrem?» spurde eg på Facebooksida Margunns kjøkkenhage i går. «Eplekake», svara dei fleste og mange delte endåtil oppskriftene sine. Tusen takk!

I dag laga eg den til Marit Heskestad med raspa epler i deigen og eplebåtar på toppen.  Den blei saftig og god.

Ta egga ut av kjøleskapet ei stund før du blandar inn eit og eitt i sukker&smør-røra. Her må det rørast meir, røra skal bli mest kvit.

Her er oppskrifta: 

  • 200 gram Tine-smør
  • 150 gram sukker
  • 4 egg
  • 2 raspa epler
  • 200 gram kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 3 ts vaniljesukker
  • Epler til å ha på toppen av kaka
2 raspa epler i røra, det var lurt. Så legg du eplebåtar på toppen. 4 epler gjekk med til det.

Framgangsmåte: 

  1. Pisk sukker og smør kvitt. God pisking er viktig! (God styrketrening å gjera det utan kjøkkenmaskin….)
  2. Rør inn eitt og eitt egg om gongen. NB! Best om du tek egga ut av kjøleskapet ei stund før, helst skal dei ha romtemperatur.
  3. Ha så i to raspa epler.
  4. Rør mjølet saman med bakepulver og vaniljesukker, og ha det i røra. Eg siktar mjølet, så blir det ikkje kjem klumpar i røra.
  5. Ha røra i ei smurd rundform.
  6. Skjer epler i båtar og legg på toppen av kaka. Fint å leggja eplene i ring. Eg likar å leggja båtane tett i tett, jo meir epler, jo betre, tenkjer eg. Fire epler gjekk med.
  7. Marit pleier ikkje å strø på kanel, men det gjorde eg.
  8. Bak på 170 grader i rundt 1 time.
Då var kaka klar til steiking!

«Kaka kan varierast med hakka hasselnøtter på og det går også  an å ha små klattar med vaniljekrem på og steika det med», skreiv Marit til meg på Facebook.

Eg serverte heller vaniljekrem ved sida av.  Pluss piska kremfløte og vaniljeiskrem… Eg baka nemleg ei eplekake til og ein eplestrudel. Dei skal du også få oppskriftene på seinare.

Eg synes det smakar aller best med piska kremfløte til denne kaka.

Maja, mitt eldste barnebarn, plukkar «Summerred»-epler i hagen min. (Fotos: Margunn Ueland)

Epla eg brukte «Summerred». Eg har eit 25 år gammalt epletre i hagen som kvar haust ber minst 100 kilo epler. Så det blir mange eplekaker framover!

LES MEIR: 

MARGUNNS KJØKKENHAGE FEIRAR HALVTÅRS-JUBILEUM MED EPLEREKORD

MARGUNNS EPLEFORM TIL BÅDE FEST OG FRUKOST!



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: