Grønsakslasagne for glade magar

Grønsakslasagne  for  glade  magar
Av dette laga eg tre former med grønsakslasagne.(Foto: Margunn Ueland)

Eg likar å eksperimentera på kjøkkenet.  Alt eg lagar, gjer eg med utgangspunkt i det eg har hausta inn frå kjøkkenhagen.

Sidan eg har masse squash, og sidan eg nett hadde høyrt på fleire førelesingar om cøliaki, betent tarm, glutenintoleranse osv., fekk eg lyst til å prøva å laga lasagne utan lasagneplater av kveitemjøl. Aubergine og gul squash i tynne skiver blei brukt i staden for.

Og sidan det var ein veganar som skulle koma til lunch, droppa eg også kvit saus med smør og mjølk, og laga heller grøn saus av mangold og champignon.

Det blei slett ikkje så verst! Også mannen blei nøgd. Og av denne kan han eta så mykje han bare vil og endå litt til. Reine slankekosten…

OPPSKRIFT 

nok til 6 prosjonar (minst)

TRINN 1: 

Rød saus:

  • 2 løk
  • 1 kvitløk
  • 3 stilkar stangselleri
  • 5 små gulerøter
  • 2,5 dl røde, tørka linser
  • 1 liten aubergine
  • 1 medium gul squash
  • 3 øskjer økologiske tomatar a 400 gram (eg brukte tilsvarande mengde tomatar som eg hadde lagt ned på glas tidlegare)
  • 3 ts oregano
  • 3 ts timian
  • 3 ts paprkapulver
  • 1 ts gurkemeiepulver (viss du har, ikkje nødvendig)
  • 1 ss økologisk grønsaksbuljongpulver
  • 1/2 rød chili
  • peppar
  • 2 ss rapsolje

Framgangsmåte: 

  1. Skrell og hakk  løk og kvitløk.
  2. Surr i gryte med tjukk botn i litt rapsolje.
  3. Vask og hakk selleristang og gulerøter i små bitar og la surra med løken i gryta.
  4. Skjer aubergine og quash i bitar og ha i gryta.
  5. Skyll av linsene, la dei gjerne liggja litt i vatn.
  6. Ha linser og tomatar, urter, krydder og buljong i gryta.
  7. La putra i minst 30 minutt til linsene og grønsakene er møre og sausen smakar godt.
  8. NB! Sausen må vera tjukkare enn til lasagne med lasagneplater. Lasagneplater trekk til seg vatn, squash og aubergine gir frå seg vatn.
Mykje mangold? Ja, men svinn fort inn til mindre enn ein fjerdedel når han kokar/steiker.

TRINN 2: 

Grøn saus:

  • 1,5 liter hakka mangold utan stilkar. Har du ikkje mangold, kan du bruka spinat.
  • 250 gram champignon
  • 1 kvitløk
  • litt chili
  • 1/2 ts løkpulver
  • litt salt, peppar.
  • 1 ss rapsolje
  • Framgangsmåte: 
    1. Skjer champignon i skiver og brun lett i stor wokpanne.
    2. Ha i hakka kvitløk.
    3. Røresteik mangolden nokre minutt til han fell saman og minkar noko voldsomt. Skal IKKJE bli brun.
    4. Smak til med løkpulver om du har, litt salt og peppar.
Legg så rød og grøn saus lagvis i form med skiver av squash og aubergine

TRINN 3: 

Grønsakslasagneplater: 

  • 1 stor gul squash
  • 1 aubergine

Del squash og aubergine i to på midten. Del så kvar halvdel i to på langs. Skjer dei så opp i skiver, så tynne som du greier, helst litt tynnare enn det utolmodige eg gjorde.

TRINN 4:

  1. Legg rød saus, aubergineskiver, grøn saus, skiver av gul squash lagvis i ei stor eller to- tre mindre eldfaste former.
  2. Putt i omn på 180 grader med aluminumsfolie på toppen.
  3. Etter 10 minutt tar du av folien og lar lasagnen stå i ti minutt til. Sjekk så om den er passeleg. Er der litt for mykje væske, la han stå til mesteparten dampar av.
  4. Ha så reven ost på toppen og steik vidare til osten er gyllen. Skal retten vera vegansk, kan du strø over ei blanding av brødsmular (gluten i brød) &hakka persille eller kverna cashewnøtter&hakka persille på toppen i staden for kuost.
Så mykje blei det. Blir mykje mat av litt grønsaker!

Prøvde med annakvart lag av aubergine/squashskiver og lasagneplater i den eine forma. Eg må tilstå eg likte det betre… Men med denne oppskrifta får du i alle fall i deg jysla mykje grønsaker!

Flotte å sjå på er dei, mangoldstilkane.

Dei breie stilkane på mangold er vakre, men eg synes ikkje dei smakar godt i rettar som dette. Eg juicar dei heller saman med grønkålblad, epler og litt sitron.

Mangold inneheld svært mykje vitaminar og mineralar pr. kalori. Les meir om det og om koss du dyrkar mangold her. 

Her er ei anna oppskrift på lasagne, med lasagneplater: Min beste lasagne.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: