Epleagurk og musemelon

Epleagurk  og  musemelon

Vanleg slangeagurk, jungelagurk eller epleagurk? I år har eg prøvd meg på ulike sortar pluss to melonsortar. Her kan du lesa koss det har gått.

Agurkbaby. (Foto: Jan Inge Haga)

Agurk er artig å dyrka! Dei veks så fort! På få dagar blir ein liten søt, gul blom til ein bitteliten nusseleg agurk, og neste gong eg må fram med vannekanna heng ein tung, svær slangeagurk og ventar på meg.

Slangeagurk «Max». (Foto: Jan Inge Haga)

Fasinerande også å sjå koss dei klatrar – skyt ut lange trådar i lufta, som grip fatt i det dei får tak i  og snurrar seg rundt. Var jo meininga dei skulle klatra på tau og lina i taket, men agurkane går ikkje av vegen for å hekta seg fast på tomatnaboane… Fram med saksa…

Slangeagurk «Max», nøgd med den sorten.

Snackagurk «Iznik» var også bra. Svært produktiv.

Fremst: Gul epleagurk og snackagurk. Bak: Slangeagurk. (Foto: Margunn Ueland)

Alle agurkar er ikkje lange og grøne: Epleagurk er rund og gul. Skalet smakar litt bittert…

Eit bittelite kunstverk, jungelagurken. (Foto: Jan Inge Haga)

Jungelagurk, er bitteliten og ser ut som ein miniatyr-vannmelon – også kalla musemelon. Smakar syrleg, kul å sjå på, men mykje mat blei det ikkje.

Dessutan var han i ferd med å kvela mangomelonen som eg hadde planta i same kassen (det var altså ikkje lurt). Då han attpåtil fekk mjøldogg, var det over og ut..

Mangomelon. Ikkje mogen ennå. (Foto: Jan Inge Haga)

Eg er nemleg litt nådelaus med drivhusplanter som blir sjuke. Dei får ikkje stå inne og smitta dei andre.

Ein honningmelon som eg fekk av ei veninne, klyppa eg ned og planta ut då det blei ledig plass i potetbedet i Leikeplasshagen. Jammen livna han til og vaks som bare det. Fyrst var dei lysegrøngule, så blei dei større og mørkegule – om lag på storleik med ein appelsin. Då kunne eg ikkje dy meg, måtte testa.. Smaka mistenkeleg likt ein epleagurk…..

Mangomelonen er framleis grøn. Men den som ventar på noko godt… Ein liten melon dette. Skal visst nok lukta kjempegodt!

 

 



2 kommentarar om “Epleagurk og musemelon”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: