Mine 5 beste seinsommarstauder

Mine  5  beste  seinsommarstauder

Nøkketunger, praktryllik, haustfloks, haustanemoner og værhane har prega staudebedet mitt i august. Her får du sjå fotos av alle, pluss tips om koss dei vil ha det for å trivast og koss du deler staudene slik at ein blir til mange. Denne tida er ei god tid å flytta og dela stauder på.

Mest i augnefallande er oransje stornøkketunger ((Ligularia dentata) med svære mørkegrøne blad (plommerøde på undersida). Eg er faktisk overraska at desse greide seg gjennom den varme og svært turre sommaren, for dei vil helst ha jamnt fuktig jord. Men dette er gamle planter, så rotsystemet er nok godt utvikla.

Eg sådde dei faktisk sjølv frå frø som låg i ein liten pose som fylgde med eit engelsk hageblad. Det var for 25 år sidan.

Men bløminga var kortvarig i år. Det same med haustanemone (Anemone x hybrida):

Haustanemone fremst. Du kan også skimta dei rosakvite blomane heilt bak i bedet under bjørketreet. Rett bak den fremste, ser du også store blad av stornøkketunge med oransje knoppar. (Foto: Margunn Ueland)

Poff, så var det slutt! Eg fekk ein rotklumpar frå faster Velaug for 20 år sidan som sidan har blitt til to svære tuer. Den eine (bakerst i bedet) har teke heilt av, eg har vanskar med å halda veksten i sjakk. Dei er ikkje lette å få til i starten og  står ofte og sturer eit år eller to, men når dei fyrst likar seg ein stad, veks dei som bare det. Og det er tydelegvis i halvskugge i god jord (får kompostdekke annankvar vår, kvar vår i starten pluss kompost i ved planting).

Gul praktryllik og rosa, lilla og kvit haustfloks. (Foto: Jan Inge Haga)

Haustfloksen (Phlox paniculata) heldt ut mest heile august. Eg har nokre tuer med kvite, knallrosa og lavendellilla som eg fekk av syskenbarn Karen for fleire år sidan. Også denne likar seg best i god, jamnt fuktig jord.

I motsetning til dei andre, klarer praktryllik (Achillea fillipendulina)  seg på mager, ganske tørr jord. Kanskje derfor det gjekk så fint med denne i år?

Eg likar også at han skil seg ut både i fasong på blomen og blada: Findelte, grågrøne.

Stive stilkar gjer at praktrylliken held seg oppe ved eiga hjelp. Set pris på alle stauder eg slepp å støtta opp!

Også denne har eg fått av syskenbarn Karen.

Eg må visa eit bilete til av praktrylliken, eg synes den er så stilig:

Praktryllik. (Achillea filipendulina). Foto: Jan Inge Haga.

Rylliken held ut ennå. Eg kjem nok til å ha glede av den eit godt stykke ut i september også.

Uthaldande er også værhane (Crososmia, også kalla Montbretia) som eigenleg er ein løkplante.

Dei lyser slik opp med oransje flammeblomar langs gjerdet.

Også denne likar seg best på ein solrik stad i jord som held godt på fukt.

Værhane (Montbretia) veks ved sida av eit lite «Discovery»-epletre. Dei mørkeblå blomeknoppane er frå stauden storhjelm. (Foto: Jan Inge Haga).

Desse har eg fått frå faster Åsa og onkel Martin. Gildt å ha «halve slekta» i staudebedet!

Nå, etter avbløming, er ei god tid å dela stauder på. Også fordi det ikkje er varmt og turt. Og det er nok tid til at røtene får etablert seg før frosten kjem.

Slik deler du stauder

Den enklaste og raskaste måten å gjera det på, er å ta ei skarp spade og spa opp eit stykke av rotklumpen.

Men treng du mange nye planter, eller vil du flytta heile planten, er det best spa rundt heile rotklumpen og så lyfta han opp. Så kan du dela han i fleire bitar med hendene eller spade. Ein stor klump kan fort bli til 3-5-7 nye stauder. Neste år vil kvar av dei ha blitt mest like store som «mora». I alle fall om du plantar dei på rett plass (stauder som vil ha fuktig og næringsrik i halvskugge må få det, dei som vil ha skrinn jord og sol bør helst få det).

Dei vil også setja stor pris på å få ei halv bøtte med kompost (niste, kallar eg det) med seg. Eg har halvparten av komposten i det nye planteholet- blandar med jorda der, og legg resten på toppen som eit dekke.

Er det turt, må du vatna grundig i planteholet. Men her i Stavanger er det regn nok på denne tida av året, så eg slepp det.

Har du fått ein rotklump av ein ven, bør du helst planta denne så fort du kjem heim. Viss du absolutt ikkje har tid før neste dag, ha klumpen i ei bøtte med litt vatn i botnen og set bøtta i skuggen.

Etter omplanting må du rekna med at planten «heng med nebbet» dei fyrste dagane. Eg brukar å klyppa ned mesteparten av stilkane og bladverket etter planting. Dermed kan stauden bruka kreftene på å «få rotfeste» og utvikla røtene. For når rotveksten er god, ordnar resten seg!

I mai var det «Bevende hjerte»/Løytnantshjerte som pynta opp ved sida av det vesle epletreet der Værhane nå gløder. (Foto: Jan Inge Haga)

Alltid noko nytt å gleda seg til!

Stasen med stauder er også at bedet endrar seg frå månad til månad. Når nokre er ferdige å bløma, gleder eg meg til dei neste.

Her kan du sjå koss bedet såg ut i juni. Og du får PLANTEPLANEN FOR HEILE BEDET. 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: