Sjå flotte fotos frå hagen i august

Sjå  flotte  fotos  frå  hagen  i  august

For ei overflod av grønsaker, frukt og blomar! Eg kjenner meg både rik og overvelda. Her får du sjå fotos frå kjøkkenhagen, Leikeplasshagen og drivhuset denne månaden. Alle er tekne av fotograf Jan Inge Haga.

Som du ser, har det grodd godt i grønsaksbedet framføre drivhuset. Her har eg rødbeter, fennikel, grønkål, svartkål, tomater, chili, stangselleri og dill. Dei lilla og rosa blomane fremst på biletet er haustfloks (staude).

Alle desse grønsakene planta eg ut etter potetopptaket i starten av juli. Fyrst klar blei fennikelen:

Saftig, anisduftande fennikel med vakkert frynsete bladverk.

I det lange grønsaksbedet nedføre drivhuset, er det fargesprakande mangold som gjer mest av seg:

Mangold, for ein praktfull grønsak!

Frå dette bedet hausta eg nett gulerøter som eg sådde i vår. Dei oppdaga eg då eg tok opp den russiske grønkålen som reagerte på julivarmen med å gå i stokk (blomstra):

Jammen var der ein bunt gulerøter!

Her får du eit oversiktsfoto av dette bedet, med sommarsolhatt i enden og epletreet «Summerred» tungt av epler.

Lukka er eit epletre fullt av epler.

Og slik ser det ut i Leikeplasshagen akkurat nå:

Store blad av pepparrot fremst. Langs vegen: Bærbuskar med botndekke av jordbær.

Kva meir ser du her? Graskara veks til venstre. Sjå tidlegare innlegg med fotos av dei ti graskarsortane her.

I den fremste kassen stikk lysegrøne tuster av gulerøter sådde i juli (etter kvitløken) opp.  I midten: Tomatplanter. Innføre bærbuskane (ytterst) veks bladpersille, mørkerød Amaranth og rotselleri. Blømer i bakgrunnen gjer georginer og sommarblomar. Heilt bak til høgre: To digre sommarsquash.

Den eine er «Goldy»; både vakker, god på smak og uhyre produktiv:

Sommarsquash «Goldy».

I enden av rekkja med bærbuskar, står to store kassar med sommarblomar. Den eine er fylt av sommarsolhatt «Rustic Dwarf».

Sommarsolhatt «Rustic Dwarf».

I den andre blømer fargeglade «Zinnia»:

Zinnia «Whirlgig Fun» og «Old Scabiosa».

I kråkereiret med tomater veks mellom anna frilandstomaten «Noire de Crimee»:

Sprekkeferdige bifftomatar.

Av tomatane i drivhuset, likar eg best smaken på kirsebærtomaten «Sungold»:

Mmmmmm…

Dagleg plukkar eg friske, sprø salatblad frå ein pallekarm i Leikeplasshagen:

Salat må me ha!

Savokål veks i bedet nedføre. Den er så vakker!

Savoykål.

Høgaste av alle er maisen.

Mais. Snart hausteklar.

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: