Slik kan ein salat fort bli til mange…

Slik kan ein salat fort bli til mange…

Lett å laga gode og varierte salatar når du har kjøkkenhage. Det er bare å gå ut og plukka litt her og litt der. Her får du oppskrifta på ein god salat og tips til korleis du kan variera denne i det uendelege….

Her er oppskrifta på den salaten eg lagar mest av nå for tida:

2 porsjonar:

  • 4 store nevar med  4 ulike salatblad  (tilsvarar nok minst ein pakke med ferdigkjøpt salatmix)
  • 1 neve unge spinatblad
  • 1/4 rød løk
  • 2 kaffikoppar med små kirsebærtomatar, gjerne ulike sortar
  • 1 appelsin
  • 1 boks kidneybønner
  • 1 avocado
  • 1 neve valnøtter
  • Saft frå 1/2 lime eller 1/4 sitron
  • 3 ringblomar…
  • Litt peppar og bittelitt salt.
  • Litt balsamicoeddik og evt. litt god olivenolje.

Framgangsmåte:

  1. Vask og spinn salaten i  ein salatspinnar – har du ikkje ein slik, sveiv han rundt i lufta i eit reint kjøkkenhandklede.
  2. Riv salat- og spinatblada i passelege bitar med hendene.
  3. Ha i ei stor skål.
  4. Hakk løk i små bitar.
  5. Del kirsebærtomatane i to.
  6. Skrell appelsinen og skjer i bitar.
  7. Blad løk, tomatar og appelsin i ei lita skål.
  8. Åpna ein boks/øskje med kidneybønner og skyl godt i eit dørslag.
  9. Ha kidneybønnene i ei anna lita skål og bland inn litt balsamico, salt, peppar og evt. litt olivenolje.
  10. Del avocadoen i to, ta ut steinen, og ta ut bitar av fruktkjøtet med ei skei. Ha i ei tredje lita skål og skvis lime/sitronsaft over.
  11. Ha så alt i dei tre skålene vekselvis over i den store skåla med salatblad, slik at du får god blanding.
  12. Topp med ein neve valnøtter og eit dryss med kronblad frå ringblom (evt. blomkarse).

VARIASJONAR:

  • Bruk andre frukter enn appelsin, for eksempel eple, pære, plomme, kiwi, ananas, fersken, nektarin.
  • Vil du ha ein endå sprøare salat som verkeleg knasar, ha i tynne skiver av selleristang eller fennikel. Fennikel er godt saman med eple!
  • Tilsett reven gulrot.
  • Tilsett revne rødbeter.
  • Tilsett agurk.
  • Bruk andre sortar nøtter; hasselnøtter og cashewnøtter er godt.
  • Bruk graskarkjerner i staden for nøtter.
  • Har du ikkje avocado, prøv dressing av tahini og sitron.
  • Har du mykje squash, ha oppi tynne skiver av ung squash.
  • Tilsett urter: Koriander og bladpersille er godt.
  • Kanskje også litt chili?

FLEIRE TIPS:

I staden for å servera på tallerken, ha salaten i maistortillas. Godt, kjapt og sunt alternativ til fredagstaco eller til dei evinnelige brødskivene til lunch…og kvelds…

Pass på å alltid ha eit godt utval av ulike typar ferdigkokte bønner og linser på boks og øskjer i skapet, pluss avocado og nøtter. Det gjer salaten til eit fullt måltid som held deg mett i fire timar. Belgfrukter inneheld mykje protein, avocado gir deg sunne fettsyrer.

HUGS: “5 om dagen” (5 grønsaker/frukt/bær) som helsestyresmaktene tilrår, er eit minstemål. Jo meir og jo meir variert, jo betre. Og aller helst meir av grønsaker…

Lysegrøne, sprø blad av Romanosalat og frynsete “Lollo Rosso”. (Foto: Jan Inge Haga)

Veit du koss du skal plukka salat?

Nei, du skal ikkje riva opp ein heil salatplante eller skjera av ein heil plante. Du skal vri av dei nederste blada. Plukk/vri i ring rundt planten. Dermed veks nye blad ut og du kan hausta salat om att og om att.

Eg likar best litt av kvart av ulike sortar, både i salatskåla og i pallekarmen. Gjerne både grøne og rødlege sortar.

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: