Pass deg for pelargoniar, du kan lett få dilla…

Pass  deg  for  pelargoniar,  du  kan  lett  få  dilla…
Den store kvite til venstre er fire år gammal. Fremst - utan blomar står ein duftpelargonium som luktar sitron. (Foto: Jan Inge Haga, august 2018)

Pelargoniar blømer i eitt sett frå mars til januar. Det er den eine grunnen til at eg likar dei så godt. Fargane, at det fins så mange ulike å velja mellom og god  lukt er andre grunnar.  Og så skaper dei litt god Italia-stemning på terrassen.

Balla på seg

40 pelargoniar har eg nå. Ei tid var eg oppe i over 80… Det starta med to for fire år sidan:

Eg var på påskeferie i Italia, og måtte sjølvsagt innom eit hagesenter. Det bugna av flotte pelargoniar. Eg bare måtte kjøpa to og ta med meg heim. To små småblomstra englepelargoniar. Dei blomstra overdådig heile våren, sommaren og hausen og blei fem gonger så store innan vinteren kom.

Eg blei så begeistra at eg måtte innom Anne Mette Hestad som samlar på duftpelargoniar, dverg- og stjernepelargoniar.  Eg var så heldig å få stiklingar frå mange med ulike. Jammen blei det planter av det!

Frå Norunn Ø. Koksvik i Sandnes fekk eg to flotte zonaler (zonaler er den vanlegaste sorten, dei som de ser på bileta i dette innlegget). Ho hadde arva dei frå mor si. (Plante nummer to frå høgre på biletet nedføre).

Terrakottapotter er greie til pelargoniar, dei får du i ulike storleikar. (Foto: Jan Inge Haga, august 2018)

Det er forresten ein annan grunn til at eg likar pelargoniar:  At dei ikkje er «bruk-og-kast». At dei kan overleva år etter år og bare bli flottare. Tek dei til å skranta, kan du bare ta ein stikling eller fleire og laga nye. Fantastiske planter! Tenk om me kunne kutta av nokre fingrar når me skrantar, putta i ei potte med jord, og så vaks me opp som friske og unge nye eksemplarar av oss sjølv!

Det tyder også at har du fyrst skaffa deg ei lita samling, blir ho fort dobbelt så stor til neste år. Og kvar vår må eg jo alltid sjekka utvalet på lokale hagesenter og gartneri… Og som de veit, de er jo heilt umogleg å forlata eit godt gartneri/hagesenter tomhendt. Eg tilstår også at eg har knabba med meg nokre stiklingar frå vandringane mine i trivelege Terracina (by i Italia).

I ly for regnet i hagestova fotografert august 2016 av Margunn Ueland. Dei minste på den øverste hylla er laga av stiklingar.

For to år sidan var eg oppe i over 80 pelargoniar. Men etter kvart som grønsaksdyrkinga balla på seg, blei det vel mykje blomsterpotter som skulle stellast. Og vel mykje regn.

Inn og ut: Pelargoniar likar seg nemleg ikkje i regn. Då blir blomane fort stygge, og blada blir utsette for å få gråskimmel.  Det fyrste året bar eg dei inn når det regna og ut når regnet var slutt. Inn i hagestova og ut på terrassen. Så flittig har eg ikkje vore seinare år…

Når haustregnet set inn, flyttar eg flesteparten inn i drivhuset. Dei andre set eg inntil husveggen slik at dei får litt ly frå taket. Men du veit, i Stavanger regnar det både loddrett og vassrett…

Store og små på terrassen sommaren 2016. (Foto: Margunn Ueland)

Stell/»rensking»:  Minst ein gong i veka  klypper eg vekk stygge blad og avblomstra blomar. Ikkje bare for syns skuld, men for å halda plantene friske. Nå som det blir fuktigare og kjølegare, tynner eg også i bladveksten, slik at meir luft kjem til – for å unngå sjukdom på blada. Eg passar også på å plukka vekk rusk og rask som ligg på jorda på toppen av krukkene.

Vatning og gjødsling: Pelargoniar toler betre å stå tørre ei tid, enn å vera dassblaute.  Eg blandar inn litt flytande pelargoniumgjødsel (evt. blomstergjødsel) i vannekanna mest kvar gong eg vatnar. Blada skal vera friskt grøne. Zonalene likar også godt same gjødselen eg gir tomatane.

Frå drivhuset mitt i januar 2018. (Foto: Margunn Ueland)

Overvintring: Dei fyrste åra hadde eg dei i hagestova mi frå frosten kom til frosten gjekk. Der er det lyst og kjøleg. Dei blømde til midten av desember, så klyppa eg dei ned. I mars livna dei til att. Under kviletida om vinteren, skal dei bare ha bittelitt vatn – slik at dei ikkje står knusktørre. Men dei skal ikkje vera våte.

I fjor fekk eg nytt, større og betre drivhus, dermed hadde eg dei der. Der likte dei seg vel så godt (fekk meir lys), men eg måtte passa på at det ikkje blei for fuktig (lufting) og at temperaturen ikkje gjekk under null (helst ikkje under to plussgrader).  Dei blømde til langt uti januar.  Litt av ei oppleving å stå mellom røde, rosa og kvite blomar i januar og sjå ut på snøen… Så blei det såpass fuktig og kjøleg at eg klypte dei ned for å unngå sjukdomar. Uti februar livna dei til att, og i mars kom den fyrste blomen. (Men det gjekk med vel mykje straum…Trur dei må nøya seg med hagestova i vinter).

Kvar vinter er det nokre som ikkje overlever. Særleg eitt år då heile samlinga fekk lus og eg klypte dei knallhardt ned. Er dei for våte om vinteren på dei kaldaste dagane, rotnar dei lett.

Har du kjellar eller eit kjøleg rom, kan du overvintra pelargoniane der.

Ompotting: Ein gong i året pottar eg om – gir dei større potter og ny jord. Som regel gjer eg det om våren.

I starten var eg flink med å notera namn, men det har eg gitt opp. ..



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: