Eventyrlege graskar: Slik har det gått med dei ti sortane

Aller størst og aller flottaste er mammutgraskaret “Rouge Vif D’Etampes”, ein gamal fransk sort. Som det i eventyret om Askepott. Det den gode feen gjorde om til vogn slik at Askepott kunne køyra til ball på slottet. Først var dei gule, så mørkare og mørkare oransje.
Nest størst er det knudrete og mørkegrøne “Marina di Chioggia”. Eg likar dei så godt, for dei er så ulike alle dei andre! Ser litt forhistoriske ut!

Dei store dråpeforma “Lakota” har gått frå gult til oransje, og er grønstripete i tuppen. Eg er litt ekstra glad i det, sidan det var ein av dei eldste sortane Sioux-indianarane dyrka.

Løkforma, oransje “Uchicki Kuri” er mindre, men har fleire frukter pr. planter enn dei store naboane. Desse var dei fyrste som skifta frå gult til oransje. Dei har vore oransje i fleire veker nå, og er nok klare til å etast. Har ikkje smaka på dei ennå, eg synes dei er så fine der dei ligg!

Kanskje aller mest dekorative er “Giraumon Turban” – fyrst var dei gule og kvite (i tuppen), nå oransje og kvite. Skal visstnok også bli litt rødlege. Me får sjå etterkvart.

“Waltham Butternut” har ein annleis fasong. Ennå lysegrøn, skal bli beige. Desse er ikkje uvanlege å sjå i vel utstyrte matbutikkar.

Minst og sist ut er “Sweet Dumpling”. Den har ikkje danna frukter får nå dei siste par vekene. Kremkvite, skal visstnok få mørkegrøne striper. Eg valde dei fordi dei skal vera gode å omnsbaka.

“Green Hubbard” skal bli blågrøn i fylgje Google, men den eg har alt opp av frø frå @annemorshage (veldig bra og lærerik konto på Instagram!), er lys oransje…

Ikkje alle graskar er runde – “Trombocini” skil seg ut med dei lange fruktene sine. God klatrar! Ei plante har nå overteke plassen etter sukkerertene i klatrestativet. Dei skal bli gule med lang, krokete hals i fylgje frøkatalogen, men ikkje veit eg. Også denne av frø frå @annemorshage, kanskje desse blir litt annleis?

Det blei i alle fall spagettigraskarplanten som blei til av frø frå henne. Skulle få avlange, gule frukter med fruktkjøt som liknar spaghetti. Men det viste seg å vera ein krysning av dette og sommarsquashen “Tapir”, ein grønstripete sort. Uhyre produktiv i alle fall! Fyrst er dei som vanlige”Tapir”, men på få dagar har dei blitt gigantiske.

Naboguten William (6) måtte bruka alle sine krefter og den største kjøkkenkniven for å få graskaret i hus. Og ja, det var spaghettiaktige trådar inni. Me skar graskaret i to og baka det i omnen ci 20 minutt. Det smaka som ein mellomting av potetmos og squash. Ikkje så verst…

Eg gledar meg til å smaka på dei andre graskara. Er nok meir smak på dei. Spent også på korleis dei ser ut inni! Men det hastar ikkje. Eg trur eg let dei liggja til oktober.
Den store massakren
For to veker sidan kunne eg knapt sjå graskara. Dei låg under eit “hav” av store blad, ja blada rakk midtveges opp på dei små epletrea. Innimellom grodde slyngblomkarsen som bare det. Jo, det såg fint ut med gule og oransje blomar i alt det grøne.

Men så tok det heilt av! Stenglane på både graskar og blomskarse var mange meter lange, – det var like før dei okkuperte både epletre og bringebær. Nokre var også i marsj over på nabotomta. Fram med sigden. Nokre timar etterpå hadde eg kappa vekk 6 trillebårlass med graskarblad og 5 trillebårlass med blomkarse….
Dermed ofra eg også ein del graskarblomar og nokre graskarkart. Uheldigvis kappa eg også av nokre stenglar av turbangraskaret eg ikkje skulle ha kappa. Stenglane var infiltrerte i kvarandre, ikkje lett å sortera ut kva som var kva…

Men, men, det måtte til. For at sol og luft skulle få sleppa til. For at det ikkje skulle bli for vått i alt regnet. Kunne risikera dei rotna.. Og sneglane blei også lettare å oppdaga nå. Var nett ute og la nokre flate steinar under kvart graskar i håp om at dei skal halda seg tørrare på undersida.
Nok graskar har me uansett. Også gildare å kunna sjå sjølve fruktene enn bare blad..

Rart å sjå tilbake på bilete frå “graskaråkeren” frå tidlegare i sommar. Mykje som har skjedd dei siste vekene!

Her kan du sjå koss fleire fotos av koss graskara såg ut i første halvdel av juli.
Jord og gjødsel
Eg har ikkje gjødsla graskara sidan eg planta dei ut. Men då fekk kvar plante to bøtter med kompost. Etterpå dekka eg jorda med eit tjukt lag gras frå ein rundballe. I februar hadde eg dekka plassen med tjukt lag halm, hausten før med lauv pluss gravd ned planteavfall i groper der graskara skulle plantast ut til våren.

