Helgekos: Penne della Casa mia med rød og gul saus

Helgekos:  Penne  della  Casa  mia  med  rød  og  gul  saus
Gjerne litt parmesanost på toppen.

Denne pastaretten blei jysla god, om eg skal seia det sjølv. Mannen min påsto han ikkje hadde ete betre pasta i Italia eingong, bortsett frå «Spaghetti Vongole». Mens sausen putra og kokte inn, kom eg på eit lurt triks!  Her får du oppskrifta.

Når eg lagar mat, tek eg alltid utgangspunkt i det eg har i kjøkkenhagen. Eg hadde nett plukka inn ei korg med saftige og sprekkeferdige bifftomatar, ein gul squash, ein bunt stangselleri og eit par Padrone-chilliar. Og eg har ennå att av løkskatten min – tørka sjølvdyrka løk, sjalottløk og kvitløk.

«Noire de Crimèe». (Foto: Jan Inge Haga)

Dette brukte eg:

  • 2 ss rapsolje
  • 1 liten rød løk
  • 1 liten gul løk
  • 2 sjalottløk
  • 3 fedd kvitløk
  • 2 selleristilkar
  • 1 gul squash
  • 1,3 kilo tomatar, mest bifftomatar
  • 1/2 grøn chili
  • 1 teskei tørka timian
  • 2 teskeier tørka oregano
  • 1/2 dl olivenolje
  • 2 slantar rødvin (omlag 1/2 dl)
  • 1 ts paprikapulver
  • 1 ts tomatpuré
  • 1 ts sukker (går sikkert også utan…)
  • salt og peppar
  • 1 bunt hakka bladpersille
  • 4 dl Go Green Penne øko-glutenfri av røde linser, bokkveite og teff. Sunnare og meir mettande enn vanleg pasta.
Putre, putre. Lusus å kunna laga tomatsaus av eigne tomatar.

Slik gjorde eg det:

  1. Skrelte og hakka løk og kvitløk og let det småfresa i gryte med tjukk botn i litt rapsolje.
  2. Skar selleristang og gul squash i små bitar og let det fresa med ei stund. Ikkje sterk varme.
  3. I mens skar eg opp tomatene, så var det oppi gryta med dei saman med urtene.
  4. Let det koka utan lok slik at væske dampa av, for det danna seg mykje saft.
  5. Så kom eg på den gongen Ivana Codemo i Terracina viste meg koss dei lagar tomatsaus. Eg vart sjokka over kor mykje olivenolje dei hadde oppi! Ho sa det var heilt naudsynt for god smak. Ja, ja, då måtte eg fram med olivenoljen. Tok ikkje like mykje, ein halv deciliter fekk halda.
  6. Sausen blei ikkje rød.  Meir oransje… Hmm. Kva er i tomatene me kjøper på boks og i øskje? Fargestoff? Oppi med 1 ts paprikapulver og 1 ts tomatpuré. Mannen kom med ein rødvinslant som stod att på ei flaske. Sausen blei rødare og fekk meir smak. Må jo alltid smaka til undervegs!
  7. Tilsette 1 ts sukker, salt og peppar og ein bunt hakka bladpersille.
  8. Let det putra vidare med loket av. Etter rund ein halv time med koking (frå starten av) var sausen framleis temmeleg tynn, og eg blei svoltnare og svoltnare av den gode lukta frå gryta.
  9. Så i staden for å la sausen koka inn vidare og så koka pastaen i ei eiga gryte med vatn, kom eg på at eg jo kunne koka pastaen i sausen, då ville den trekkja til seg den ekstra væska! Meir smak i den enn i vatn. Genialt!
Alt i ei gryte! Lettvint og godt!

Heile gryta blei oppeten. Då var både mannen min og eg både godt mette og godt nøgde.

Og Andrea Bocelli song «Canto della Terra«. Ein triveleg kveld:)

Godt å ha nokre slik glas til komande kosemåltid! (Foto: Jan Inge Haga)

LES OGSÅ: Tomatoverflod på glas à la Camilla -knallgodt!



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: