Mine beste sukkerert-tips

Mine  beste  sukkerert-tips
Sukkererter kan brukast til så mangt også etter at belgane ikkje er unge og søte og gode å knaska på rå. (Foto: Jan Inge Haga)

Søte og sprø sukkererter må me jo ha i ein hage der barn ferdast. Alltid gildt med noko dei kan stappa rett i munnen.  Men etter nokre veker med «knasing» har ertene svulma, og dei smakar ikkje like godt lenger. Kva gjer me då?

Nei, nå måtte sukkerertene plukkast! Hadde dei stått lengre, hadde dei ikkje smaka så godt, nei. (Foto: Margunn Ueland)

Eg tenkte eg skulle forvella og frysa litt. (Raskt oppkok, så rask avkjøling). Smakstest før frysing: Wow! Nå smaka dei søtt! Dermed hamna halvparten av ertene i ei skål med ein klunk olivenolje og litt godt salt. Moms, moms, moms, så var dei oppetne.

Snacks eller enkel forrett. Med litt olivenolje og litt godt salt. (Foto: Margunn Ueland)

Den andre halvparten skar eg opp og hadde i salatskåla saman med avocado, tomat, agurk, chili, selleri, rødløk, raspa rødbete, litt gul squash, kidneybønner, graskarkerner, cashewnøtter, valnøtter, sitronsaft, olivenolje, tre ulike slag salatblad, finhakka svartkål og finhakka små, unge mangoldblad, spinat, ringblom, blomkarse. For ein salat!

Denne salaten laga eg saman med ei god veninne som heiter Åse. (Foto: Margunn Ueland)

Neste dag: Ut og plukka meir. Skar belgane opp i bitar og hadde dei i suppegryta saman med oppskårne bifftomatar. Då fekk eg ein luksusvariant av Regnbogesuppa mi som du finn oppskrift på her. Kjempegodt!

Sukkererter er også supre å ha i wokrettar.

Grøne perler…(Foto: Margunn Ueland)

Resten av sukkerertene skal få stå i fred eit par veker til. Dei skal eg nemleg så neste vår. Blir det sol, skal dei få tørka ute, viss ikkje, tørkar eg dei inne. For årets sort, «Norli» var så god at den vil eg ha også til neste år.

Dei aller fyrste ertebelgane er knallgode! Og erteblomar er jo så skjønne! Dette er sorten «Norli». (Foto: Margunn Ueland)

Mykje betre enn dei lilla «Shiraz» me hadde i Leikeplasshagen i fjor. Men dei var jysla kule å sjå på, og ungane tykte det var løye (gøy, artig) med lilla munn og lilla tunge.

Lilla «Shiraz»-sukkererter over blomkarse og nakenfrøgraskar «Olga» på Leikeplasshagen i august i fjor. (Foto: Margunn Ueland)

Sukkererter er kjempelett å så. Sjølv småungar greie å putta nokre erter i jorda. Forspiring/forkultivering er ikkje nødvendig. Det er best å så så snart frosten går, men i år fekk me ikkje gjort det før i slutten av mai.

Mens ertene var på veg opp, passa klatrestativet godt som tørkestativ for nyhausta kvitløk. (Foto: Margunn Ueland)

Det var fordi det gamle klatrestativet i Leikeplasshagen først måtte gjerast om til klatrestativ for erter, bønner og graskar ved hjelp av armeringsjern.  Alltid hjelpsame Magne Arnfinn Botnan (han som også laga støttene til bringebæra) fiksa det.

Det blei stødigare greier enn mikk-makket mitt av bambuspinnar og hyssing i enden av dei to pallekarmane med sommarsquash. (sjå oppslagsfoto øverst).

«Wigwam» av enten bambuspinnar&hyssing eller bjørkegreiner derimot, funkar også bra.

Kompost, beste som fins! (Foto: Margunn Ueland)

Sukkererter likar god jord og treng godt med vatn. Redninga denne  tørre og varme sommaren var – nok ein gong-  kompost. Ertene i klatrestativet vaks i rein kompostjord. Eg hadde laga ei djup grop i sanden i Leikeplasshagen og tømd heile varmkomposten oppi.

Der eg laga «indianartelt» av pinnar, hadde eg grove ned eit spann med Bokashi (fermentert matavfall) nokre veker før såing.

Det funka supert.

Sukkererter kan brukast til så mangt. (Foto: Jan Inge Haga)

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: