Tomatoverflod på glas à la Camilla, – knallgodt!

Tomatoverflod  på  glas  à  la  Camilla,  –  knallgodt!

Så herleg og så enkelt! Eg har lagt ned tomatar på glas. Kjempegodt på pasta, til pizza, i supper og gryterettar. Har du nokre slike glas i hus, er middagen klar på null, komma niks! Her skal eg fortelja deg koss du gjer det, pluss gje tips om koss du unngår sjukdomar på plantene.

Fyrst «nedlagte» tomatar:

Det var Camilla Fredriksen (@camillascountryliving) som tipsa meg om metoden då ho var på besøk tidlegare i sommar. Camilla lærte dette då ho jobba hos den danske kjøkkenhagedronninga Camilla Plum.

@camilliascountryliving dyrkar 50 ulike sortar tomatar, eg bare nokre få, dei fleste i drivhuset, men også nokre ute.

Betre tomat enn mine sjøldyrka «Sungold» har eg faktisk aldri smaka!

Best på smak er  søte «Sungold». Dei et eg opp etterkvart som «snop», men nå på seinsommaren då bifftomatene plutseleg heng der store og tunge, blir det meir enn me et opp etterkvart.

Knallgodt!

Camillas metode er enkel: Du treng vanlege syltetøyglas med skrulok. Norgesglas går også an. Det er ein fordel om glasa er omlag like store.

Glasa må vera reine (kjør dei ein runde i oppvaskmaskinen). Så stappar du kvart glas fullt av tomatar. Store og mellomstore skjer du i bitar, små cherrytomater kan gå heile oppi. Press tomatene litt saman med ei skei.  Stapp nedi eit kvitløkfedd og litt basilikum i kvart glas. Dryss over ei lita teskei godt salt og hell på ein klunk olivenolje.

Skru loket på syltetøyglaset halvveges att. Brukar du Norgesglas eller andre glas der det er gummistrikk under loket, ta loket på.

Set dei inn i omnen på 110 grader og la dei stå der til tomatene «fell saman» og du kan sjå at det putrar/boblar i glasa.  Du ser også at det har blitt mykje saft i glaset. (Derfor er det ein fordel at glasa er like store, då blir dei ferdige på same tid).

Fram med gryteklutane og ta syletøyglasa ut. Skru så loket heilt igjen.  Glasa med strikk kan du la stå i omnen til dei blir lunka før du tek dei ut.

Tørk av glasa (litt saft putrar som regel over). Det er best å setja dei ein kjøleg stad. Då har du dine eigne «boksetomatar»! Knallgode, både kalde og oppvarma.

Ein vel «dressert» tomat . Sort? Veit ikkje, fekk frå ein ven. God smak!

Hittil har det vore eit godt tomatår, med all sola og varmen. Men tomatar er nokre luringar. Eg er sikker på at målet deira er å gjera eit kvart drivhus eller eit kvart tomatbed om til ein jungel. Som spirer tidleg på året veks dei så seint, at du tenkjer dette er skrøpelege vesen. Å nei!

Eg er sikker på at ein liten «tjuv»/villskot (du veit dei som veks ut i hjørnet mellom stammen/hovedstilken og ei grein) blir til ein halvmeter lang stilk på bare nokre få dagar. I alle fall dei som gøymer seg bak på planten…  Plutseleg står eg der og lurer på kva som er stamme/stilk og kva som er villskot… Ja, ja, dei ute må då få veksa litt fritt, så får eg heller vera strengare med saksa i drivhuset, tenkjer eg.

Bifftomatane i «lasagnebedet» i Leikeplasshagen har det vore vanskelegare å halda styr på…

Eit par veker etterpå: Frisleppet utandørs har blitt til eit villniss – og ingen stenglar vil oppover langs den flotte spiraltomat-støtta, alle vil helst leggja seg over dei andre i hytt og pine…. Men gu» så kraftige stilkar (eller var det stammar?). Eg fram med sigden (!) og meiar ned heilt til eg får skikkeleg vondt samvet. Stakkars!

Ja, ja, men det måtte til for at sola og luft/lys skulle få sleppa til på sjølve tomatene. Sol og sol..  Etter at regnet endeleg kom i slutten av juli, har det mest regna kvar dag her i Stavanger. Då nyttar det ikkje med tett jungelbladverk, for då kan dei lett bli sjuke (bank i bordet, har ikkje hatt gråskimmel hittil i år).

Dei nederste blada klypper eg vekk jamnt og trutt. Eg prøver også å halda tritt med villskota – ta dei vekk etterkvart som dei veks. Likevel hender det støtt at eg må meia ned masse stilkar og bladverk. Her har eg nett gjort det. Eg har også kutta toppane på dei fleste.

Derfor tynna eg også eit lass med blad og forvokste villskot i drivhuset her om dagen. Både ute og inne kappa eg også av dei høgaste i toppen. Nå gjeld at plantene brukar kreftene på å få fram mogne frukter av det som nå er grøne kart og blomar.

På våte dagar blir det lett fuktig inne i drivhuset. Derfor er det viktig å sørgja for lufting, sjølv om det ikkje er særleg varmt ute.  For gråskimmel vil me jo ikkje ha! (ser ut som grått mygl).

I vår var eg så heldig å få nokre «Marzano»-tomatplanter – dei som blir til den beste  tomatsausen i fylgje italienarane – i alle fall dei i Napoliomårdet. Derfor ergra eg meg stort då det kom griffelråte på dei i midten i av juli (fyrst kjem ein brun flekk nederst, så blir flekken svart). Eg avgarde til tomatekspert Frode Ringevjen ved Wiig gartneri og spurde om råd.

Han forklara at denne tomatsorten lett for denne sjukdomen. Det kan vera fleire årsaker, den vanlegaste er for lite kalk. Eg hadde gitt alle tomatene mine Biobact tomatgjødsel. Bare «Marzano» hadde fått griffelråte.

Han sa det gjaldt å finna den rette balansen mellom kalk og kalium. Kalium er viktig for bløming, fruktsetjing og god smak på fruktene. Kalk må plantene også ha. Men gir du for mykje kalk (og nitrogen), får du masse bladvekst og mindre frukter. Får plantene både kalium og kalk, slurpar dei fyrst i seg kalium, for det likar dei best, og dermed tek dei opp mindre kalk.

Ringevjen anbefalte å gje dei ei skei Suberba og ei skei Calcinitt i kvar vannekanne ei tid framover – men stoppa når plantene blei mørkegrøne og veksten blei vel kraftig. Kunstgjødsel, hadde ikkje så lyst til det nei. Men, men, eg plukka vekk dei sjuke tomatene og gav dei blandinga til tomateksperten. Slutt på griffelråten…

Resten av drivhustomatene heldt eg fram med å gje Biobact.

«Noire de Crimèe».

Dei ute? Niks kunstgjødsel, niks Biobact. Gjødselen er eggeskal, bananskal og avkappa blad og stilkar som eg legg dei under det øverste grasdekket.

Eg blir like forbløffa kvar gong eg står der med ein ny haug nedkutta bladverk – for grønmassen eg la der for nokre veker sidan er borte! Oppeten av lukkeleg makk og livet i jorda i «lasagnebedet», bygd opp lag på lag med organisk materiale (kvist, flis, lauv, tang og tare, kompost, gras).

LES OGSÅ: 

Gullmedalje til tomat «Sungold»

@camillascountryliving har også ein blogg med same namn som det er vel verd å fylgja.

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: