Regnbogesuppe – jo meir du et, jo betre!

Regnbogesuppe  –  jo  meir  du  et,  jo  betre!

Denne suppa inneheld 11 ulike grønsaker og er mykje lettare å laga enn du trur! Jysla god og jysla sunn, sjølvsagt.

Me nordmenn et jo brødskiver både til frukost, lunch og kvelds.. Godt tips for å bli god og mett og få meir energi samstundes som ein vil kvitta seg med litt overflødig kroppsfett, er å bytta ut brødskivene til kvelds eller lunch med ein tallerken (eller gjerne to) med heimelaga suppe.  Eller la suppe stå på middagsmenyen minst ein gong i veka.

Spar tid og pengar

Tungvint? Nei, denne store gryta – nok til 12 porsjonar -lagar du fort. Kos deg med nykokt suppe og frys resten til travle dagar.

Billig er det også! For det er utruleg kor mykje mat – suppe- det blir av bare litt av den og litt av den…

Næringstett, men kalorifattig

Næringsrik, men kalorifattig er denne suppa: Full av vitaminar, mineralar, fiber og protein (frå bønnene) og komplekse karbohydratar av høg kvalitet (rotgrønsaker). Grønsaker er nemlig imponerande fulle av sunne stoff og inneheld får kaloriar. Bladgrønsaker som mangold, svartkål/grønkål inneheld mest null kaloriar – men ei stor mengde næring som gjer kroppen din vel. Jo meir du et, jo betre.

Så skriv opp ingrediensane på dagens handleliste:

HER ER OPPSKRIFTA PÅ REGNBOGESUPPE:

Dette blir godt! Jo meir farge på maten du et, jo betre! Suppa er laga av grønsaker frå kjøkkenhagen.

Ingrediensar:

  • Vatn (sjå framgangsmåte)
  • 700 gram jordeple (poteter)
  • 1 gul løk
  • 1 rød løk
  • 1 kvitløk
  • 1 stor og 1 liten rødbete
  • 2 gulerøter
  • 3 stilkselleri/stangselleri
  • 1 stor bunt grønkål (ser kanskje mykje ut på oppslagsbiletet, men når du kokar det, skrumpar det kraftig inn)
  • 3 små purre (tilsvarar vel 1 av dei store du kjøper)
  • 3 store bladbeteblad (ser kanskje mykje ut på oppslagsbiletet, men når du kokar det, skrumpar det kraftig inn. Har du ikkje bladbete, bruk meir grønskål eller ein pose spinat)
  • 1/2 gul squash (du kan også bruka gul paprika)
  • 4 ts tørka timian (eller fersk viss du har)
  • Gjerne ein bunt persille
  • 2 hønsebuljongterningar eller grønsaksbuljong
  • 2 ts paprikapulver
  • litt chili, f.eks 1 heil mild, grøn chili (utan frø) eller 1/2 chili (utan frø) av ein sterkare type.
  • 5 ts tomatpuré
  • peppar og litt salt, smak til
  • 5 boksar kidneybønner
  • Ein klunk olivenolje.
Det var suppa si, det! Server gjerne godt brød til dersom du ikkje har ete brød både til frukost og lunch…Brødet er «Bodils gode, lettvinte brød» som du finn oppskrift av her på bloggen.

Slik gjer du det: 

  1. Vask jordeplene.
  2. Skrell løk og kvitløk.
  3. Skrell rødbeter.
  4. Skjer jordeple og rødbeter i passelege bitar, hakk løken og ha dette i ei gryte med såpass vatn at det dekker. Set på kok.
  5. Skjer resten av grønsakene i bitar og ha i gryta.
  6. Fyll på med vatn til grønsakene blir dekka.
  7. Ha oppi urter (spar litt persille til slutt), krydder, buljong, tomatpuré.
  8. Kok til grønsakene blir møre.
  9. Smak til med salt og peppar
  10. Ha oppi kidneybønner (skal bare varmast opp). NB! Viss du skal frysa mesteparten av suppa, treng du ikkje ha kidneybønnene i nå. Det kan du gjera når du skal varma opp suppa før servering. Ta derfor av det du skal frysa – og ha bønner i resten, altså det du skal eta når suppa er nykokt.
  11. Server med persilledryss og set fram god olivenolje som folk kan ha litt av i suppa eller på godt brød viss du serverer det til.
Mangold, også kalla bladbete.

LES MEIR OM REGNBOGEGRØNSAKEN MANGOLD OG ALLE HELSEFORDELANE MED DENNE

PRØV OGSÅ:

Purre-potetsuppe.

SKAL DU UT PÅ TUR SØNDAG? PRØV DENNE SOM NISTE: 

Energismoothie til tur og trening



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: