Slik får du masse grønsaker fire veker etter potetopptaket

Slik  får  du  masse  grønsaker  fire  veker  etter  potetopptaket

Sjå her! For bare ein månad sidan var dette bedet fullt av jordeple. Nå er det fullt av grønsaker.  Her skal eg forklara koss eg har fått det til, og visa deg kva grønsaker som veks her nå.

Eg har lært frå tidlegare år at tidlegpotet «Arielle» er klar til hausting i månadsskiftet juni/juli. Altså gjeld det å ha klar planter som kan plantast ut straks, slik at bedet ikkje står tomt og verdifull veksetid går tapt.

Det tyder at eg må så desse omlag seks veker tidlegare. Meir om koss du går fram i slutten av dette innlegget.

Det bør vera grønsaker som utviklar seg så raskt at dei blir hausteklare før det blir for mørkt og kaldt, eller grønsaker som toler å stå ute sjølv i frost. Aller best er dei som både veks fort og som likar seg godt om hausten.

Derfor har eg desse:

Rødbeter «Forono». Får avlange røter. (Fotos: Margunn Ueland den 9. august 2018)

Rødbeter: Veks fort nok til at eg kan hausta frå nå av og utover heile hausten – faktisk fram til jul. Dei eg dreg opp nå, er små, dei eg må tynna for at dei andre skal kunna veksa seg større. Rødbeter er ypperleg å ha om hausten. Veldig gode å ha i supper som eg lagar mykje av. Og i juice – saman med epler. Heldige oss som har epletre.

Fennikel «Fino». Snart klar!

Fennikel: Veks endå fortare. Nokre er faktisk hausteklare alt nå. Blir ekstra saftige og gode på seinsommaren – nå som dei får nok regn! Dessutan fint med dei frynsete duskane mellom dei svære kålblada… Også nyydeleg i juice saman med epler. (juicar stilkane som ellers blir kasta). Gode omnsbakte saman med rotgrønsaker. Set særpreg på supper og salatar.

NB! Spisskål «Kalibos» blir svær! Set av god plass! Her har det vore ein snegel og forsynt seg litt..

Kål: Greier seg godt om hausten, ja  likar seg betre nå enn i steikande sommarsol. I år har eg savoykål og lilla spisskål «Kalibos» (fordi dei smakar så godt, er så flotte og fordi eg angra på at eg ikkje sådde dei tidlegare i år) i dette bedet.

Grønkål – så vidt eg hugsar var det sorten «Dwarf Green Curled Cale» eg sådde, men den ser ikkje så veldig dverg ut, akkurat…

Grønkål: Den vanlege, nordiske, krusete, mørkegrøne  og den palmeaktige, italienske svartkålen. Raskast veks den italienske, men den «vanlege» er endå meir herdig. Svartkålen smakar best og er mørare. Dessverre .likar insekta også denne best… Men angrepa frå kålsommarfuglar (larver) dabbar av jo kaldare og våtare det blir.

Begge leverer mykje mat på liten plass: Plukk nokre blad her og der i staden for å hausta heile planten, og nye veks ut.

Staseleg svartkal.

Mangold/bladbete: Svært produktiv, du får mengder av svære blad på liten plass. Plukk og nye veks ut. I dette bedet har eg derfor bare ein. Har mange i andre bed, men måtte ha ein med breie raude stilkar i dette bedet for å liva opp litt mellom alt det grøne. (Her er eit heilt blogginnlegg om mangold)

Mangold – denne fekk raude stilkar. Andre har kvite, gule, rosa, oransje.

Så og potta om

Desse grønsakene sådde eg den 19. mai i såbrett/beger/kasse på ein skjerma og plass på terrassen i lett skugge. Treng ikkje drivhus til dette, blir lett for varmt.  Utfordringa er å passa på at jorda ikkje tørkar ut.

Eg prikla (flytta kvar spire over i kvar si potte) i midten av juni sånn cirka. Sette dei på eit stort brett, og vatna «nedantil», det vil sei på brettet. Lettvint, då vatnar du alle pottene på ein gong, og røtene lærer seg at dei må søkja ned for vatn.

Funka bra i år som det ikkje regna!

Kålplantene potta eg om ein gong til – for at dei skulle få nok plass og meir næring.

Fremst: Rødbeter, diverese kål og fennikel sådde i mai og prikla i juni. Bak til venstre: Asparges, mangold, purre, sellerirot. (Fotografert den 2. juli)

Utplanting

Etter potetopptaket køyrde eg ut fire trillebårlass med grovt omdanna kompost som blei fordelt på toppen av bedet.  Kompost tilfører jorda både næring og masse nyttige levandre småkryp- dei fleste usynlege for oss.

Så planta eg ut.  Den 9. juli.

Eg vatna GRUNDIG (altså mykje) i kvart plantehol fyrst og så i heile bedet. Vatning i plantehol:  Eg grov ei grop og pøste oppi ei kanne vatn. Let det søkkja ned før eg putta planten oppi.

Til slutt dekka eg overflata med gras. Det gjer eg ikkje bare for å hindra at vatnet fordampar, men fordi plantane og livet i jorda likar det. Makkane må få mat, og jordlivet (bakteriar, soppar osv) likar seg dårleg når jorda ligg bar. Jo meir liv i jorda, jo betre trives plantene.  Makkane og jordlivet gjer graset om til supergjødsel.

Nå, den 9. august kan eg dra opp dei fyrste små rødbetene, plukka inn blad frå mangold, svartkål og grønkål.

Eg klypper inn dillkroner til sylteagruken og gumlar på små, røde tomatar.

Pluss litt ekstra

Ja, for her er litt til i bedet som ikkje var med i den opprinnelege planen:

Dill: Sådde denne rett ut i vår, blei så godt som kvelt av jordeplene, men fekk så «ein ny vår». Det vil seia to: Kutta ned fyrst ein gong – då trona kronsellerien to meter høg som ein vaktar over småplantene. Nå er han i full sving igjen.

Tomat og chili: Fordi eg var lei av å vatna dei i pottene dei stod i på terrassen…. Pottene var dessutan blitt for små og eg hadde ikkje større. Tomatar passar godt, for dei veks i høgda og kjem ikkje i vegen for dei andre. Har prøvd med chili både ute og i drivhus i år, har faktisk gått like bra ute denne varme sommaren.

Selleri: Planen var å planta ut sellerirot, – eit «must» i supper og grønsaksmosar – men den hamna i eit anna bed som blei ledig før potetbedet.. Dessutan hadde eg selleristang ståande i den eine enden som eg ikkje hadde brukt opp.

Ringblom: Fordi der alltid å vera litt blomar og fordi dei sådde seg sjøl i eit hjørne.

Asparges: Sådd i vår, kan ikkje haustast før om tre år trur eg.  Og her var det ledig plass..

SERIEDYRKING er ordet eg brukar på å få to avlingar på ein sesong i same bed, i same pallekarm.

Her er to tidlegare innlegg om det:

Slik får du to avlingar i ein dobbel pallekarm pluss fire  ekstra trillebårlass jord

Tid for å så og hausta på nytt



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: