Sjokoladesmoothie til å gå i spinn av

Sjokoladesmoothie  til  å  gå  i  spinn  av
Sjokoladesmoothie. Så god at det ikkje held med bare ein kopp... (Foto: Margunn Ueland)

ÅTVARING: Denne smoothien er så god at du fort kan bli avhengig! Og det er bare bra for deg!

Eg likar så godt å halda på i kjøkkenhagen, at av og til gløymer eg å eta. Det vil seia, eg utset det… Så plutseleg blir eg enormt svolten, og MÅ ha mat på flekken.

Denne oppskrifta blei til i ein slik desperat augneblink:

Blåbær og hakka grønkål har eg alltid i frysa. Dadlar kjøper eg i innvandrarbutikkar året rundt, økologisk råkakaopulver har dei i helsekostbutikkar.
  • 1 frosen, godt mogen banan (kast aldri bananar med brune flekkar på skalet, frys dei!)
  • 3 ss frosne blåbær (C-vitamin, antioksidantar)
  • 2 toppa spiseskeier kakaopulver (Økologisk råkakopulver brukar eg, rikt på antioksidantar og mineralar. Du får kjøpt det i helsekostbutikkar.)
  • 1 ts vaniljesukker
  • 3 dadlar (fiber, antioksidantar)
  • 2 ts knuste linfrø (omega-3 og kreftforebyggande plantestoff)
  • 1 ts tahini (Laga av sesamfrø, du får det i innvandrarbutikkar, rik på gode fettsyrer, kalk og andre mineralar. Har du ikkje, ha i ein neve mandlar eller usalta cashewnøtter).
  • 1 ts peanøttsmør (protein).
  • 1 kopp frosne, hakka grønkålblad (Eg har halve fryseboksen full! Har du ikkje grønkål, kan du bruka spinat. Grønkål inneheld ei utruleg mengde ulike vitaminar og mineral, fiber som dei gode tarmbakteriane elskar og plantestoff som kreftceller hatar.)
  • 1 kopp (2,5 dl) vatn
  • 1/2 kopp mandelmjølk (kalk, B-12 tilsett)

Kjør i blendar, ferdig!

O la, la! Rik, kremete, deileg, mørk sjokoladesmak!

Ja, fruktsukker i banan og dadlar, men blodsukkeret stig ikkje til vêrs fordi eg har fett og protein og fiber i smudien.

(NEI! Smakar IKKJE kål!).

To koppar av den, så var energien på TOPP igjen! Og den varte i fleire timar.

Myyyyyykkje lurare enn å stappa i seg ein sjokolade!

Laga nyss denne til ein ven som er veldig glad i søtsaker men som har bestemt seg for å slutta med det. Han syntes det var kjempegodt!

Du finn fleire oppskrifter på smoothiar på bloggen under Matoppskrifter – smoothie, mellom anna denne:

5 om dagen i eitt glas

 

 

 

 



2 thoughts on “Sjokoladesmoothie til å gå i spinn av”

  • Altså denne høres da knallgod ut! og med ingredienser jeg stort sett har i skapet, forutenom dadler og mandelmelk. Kjekt med smoothie når en er skrubbsulten 😊

    • Så bra! I staden for dadlar kan du bruka rosiner. I staden for mandelmelk kan du bruka kokosmelk (evt soyamelk, havremelk, rismelk, kumelk). Eller bløtlagte mandlar. Bløtlagte mandlar kjørt i blendar med vatn blir mandelmelk. Cashewnøtter er også godt, kanskje endå betre i denne – smakar litt søtare enn mandlar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: