Slik får du 2 avlingar i ein dobbel pallekarm pluss 4 ekstra trillebårlass jord

Pallekarmane mine produserer ikkje bare mat, dei produserer også supergod jord. Jepp! Sjå her, så skal eg visa deg trinn for trinn med fotos.
Men fyrst må me rykka tilbake til august i fjor:
Utgangspunkt: Ein dobbel pallekarm.
I august 2017 fylte eg denne meir enn halvveges opp (1,5 pallekarm) med planteavfall frå hagen pluss litt tang og tare, hestemøkk og grov kompost. Så toppa eg med eit trillebårlass jord frå eit kjøkkenhagebed. I fjor haust dyrka eg kinakål og vårløk i karmen. Etter at kinakålen blei hausta, toppa eg med lauv.

I starten av april 2018, var innhalde sunke ein del saman, for plantematerialet var blitt til god kompostjord. Eg tok bort sjølve karmane, der låg ein stor haug god jord. Eg brukte halvparten i nye pallekarmar og spara den andre halvparten. Så fylte eg den nederste karmen opp med lauv, tang og tare, litt hestemøkk, planteavfall frå våropprydding i staudebedet og grov kompost frå varmkompostbingen. Den øverste karmen blei fylt med jorda eg hadde grove ut. I slutten av månaden planta eg ut frøsådd løk – salatløk “Red Florence” i karmen. Den var klar i slutte av juni.

Den 15. juli 2018, var all rødløken teken opp. Då gjentok eg prosessen: SJÅ HER:

Tok av sjølve karmane, og spadde jordhaugen over i trillebårer og baljar. Sjekk den kopostjorda! Ikkje bare porøs og næringsrik, men full av liv! (makkar, bakteriar, soppsporer osv. som gjer at plantene stortrives).
På plass att med nederste pallekarm og gå i gang og fyll: Med det minst omdanna innhaldet i varmkompostbingen (planteavfall frå kjøkkenhagen), ein halv sekk lauv og ein halv sekk tørt gras.

Det som var mest omdanna, hamna på toppen.

På med pallekarm nummer to: Resten av denne øvste karmen fylte eg så med utgraven jord – det i den grå trillebåra og det i baljane.

Her planta eg ut salat: Sidan det var så varmt i juli, hadde eg ikkje sådd sjølv (salat spirer dårlig i varme). Eg kjøpte pluggplantar for 3 kroner stk hos Wiig gartneri på Jæren. (NB! Denne artikkelen er IKKJE sponsa.

Då hadde eg eit stort trillebårlass med god jord til overs. Det toppa eg firkantbedet framføre karmane med, etter at eg hadde teke opp rødbetene som eg planta ut her i mai.

I juni hadde eg sådd ein balje med New Zealandsk spinat (får tjukkare blad enn vanleg spinat og toler varme mykje betre). Nå blei desse småplantene fordelte i bedet.

Både salaten og spinaten elska kompostjorda og vokste som bare juling!
Nå bare tre veker seinare, kan eg plukka både spinat og salat:) Kor kult er ikkje det?

Også savoykålet i kanten av bedet fekk ein skikkeleg “boost”.
Så folkens: Gå i gang og fyll pallekarmar med planteavfall etter kvart som du haustar – så får du et kjempegodt utgangspunkt for neste sesong!
INGEN TVIL OM AT BÅDE GRØNSAKER OG BLOMAR ELSKAR DENNE KOMPOSTJORDA, klikk her og sjå!
Her kan du lesa ein artikkel til om koss du får to avlingar i sesongen på same plass.
Så stas! Sådde du kinakål og vårløk rett i komposten i fjor, eller hadde du ferdige småplanter som du satt? Vil gjerne så/sette noe nå (i Stavanger).
Og en annen ting, bokashi, kan man hive det også nedi, eller bør man holde det for seg selv?
Ja, ikkje sant? Sette ferdige planter. Bokashi, ja, det kan du ha oppi, men ikkje rett under der du plantar. Grav det djupare ned.