Potetsalat med agurk, rødbeter og honningsennep

Potetsalat  med  agurk,  rødbeter  og  honningsennep
Lun potetsalat med rødbeter, agurk, urter og blomsterhovud av slangekvitløk! (Foto: Margunn Ueland)

Jordeple, altså! Det blir så utruleg mykje jordeple (poteter) av bare 30 settepoteter! Etter at me tok opp tidlegpotet «Arielle» i kjøkkenhagebedet ved sida av drivhuset for ein månad sidan, har me ete poteter mest kvar dag: Nydampa poteter med dill/persille, omnssteikte potetbåtar med urter og andre rotgrønsaker, bakte poteter,  potetstappe med grønkål, potetmos med persille, bondeomelett med poteter, supper med potet og potetsalat i ulike variantar.

Så mykje frå bare nokre få planter! Barnebarna Mina, Maja og Håvard var med og tok opp poteter i starten av juli. (Foto: Jan Inge Haga)

Her skal du få oppskrifta på den potetsalaten me har ete mest av:

  • 350 gram perlepoteter (bittesmå poteter)
  • 4 små rødbeter
  • 1/2 bunt vårløk
  • 1 snackagurk eller 1/2 slangeagurk
  • Eit par nevar med bondebønner om du har.
  • Persille og/eller dill
Nam, ferske rødbeter. (Foto: Jan Inge Haga)

Dressing:

  • 1 lita ss grov sennep
  • 2 ts honning eller lønnesirup
  • 1 ss balsamicoeddik
  • 4 ss olivenolje
  • 3 ts kapers
  • litt peppar og salt

Bondebønner. Hos meg er nå andre sådden klar. (Foto: Jan Inge Haga)

Slik gjer du: 

  1. Kok poteter og rødbeter med skal på til dei blir møre. Ha i bondebønnene (utan belg) dei siste par minutta.
  2. I mens hakkar du vårløk og skjer agurk i bitar.
  3. Og miksar saman dressingen: Rør saman sennep og  honning, rør så inn olje og eddik. Kapers til slutt. Ha dressingen i ei stor skål.
  4. Hell vatnet av poteter og rødbeter. Ha potetene i skåla med dressing og bland godt.
  5. Skyl rødbetene i kaldt vatn slik at du greier å halda dei med hendene. Vri/flå av skalet. Det er gjort på null, komma niks. Skjer rødbetene i bitar, ha i skåla.
  6. Ha  oppi agurk, vårløk og persille og bland.
  7. Pynt med persille/dill. Og for dei heldige av oss som har det: Blomsterhovud av slangekvitløk!

God varm ved sida av ein grøn salat eller krydra for eksempel godt krydra pølser, men også god kald saman med brødskiver med sursild, sennepssild, karrisild…

SLIK DYRKAR EG RØDBETER

SLIK DYRKAR EG POTETER 

HER ER OPPSKRIFT PÅ BONDEOMELETT MED POTETER

HER ER OPPSKRIFT PÅ PURRE-POTET-SUPPE



2 thoughts on “Potetsalat med agurk, rødbeter og honningsennep”

    • Så bra du likte sjokoladesmoothien! Veldig kjekt å få slike tilbakemeldingar, du er flink til det! Har faktisk nett hatt meg ein sjølv! Nå skal eg skriva eit nytt blogginnlegg:) om kva som passar godt å planta etter at jordeplene er tekne opp.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: