Frodige planter, masse grønsaker og rik bløming utan vanleg gjødsel

Frodige  planter,  masse  grønsaker  og  rik  bløming  utan  vanleg  gjødsel
Solhatt og Zinnia fremst i kassar, georginer ba i firkantbed. (Foto: Margunn Ueland)

Går det an? Ja, viss du har masse organisk materiale og god kompost i bed og pallekarmar.

Bare sjå på desse sommarblomane og georginene. Zinnia og solhatt (fremst) har blomstra non-stop sidan juni. Det same har dei låge solsikkene.

Solsikker i knopp.

Georginene kom for fullt i starten av juli.

Squashplantene leverer nye flotte gule og grøne squash kvar dag.

Mitt eldste barnebarn, Maja (15) plukkar squash. Denne sorten heiter «Black Beauty». Bak veks mais. (Foto: Jan Inge Haga)

Maisplantene er snart på høgde med taket på naboen sin garasje.

Me har hausta kasse- og baljevis med flotte jordeple frå nederste halvdel av det store bedet i Leikeplasshagen.

«Van Gogh»-jordeple.

Felles for alle desse?

Alle veks i bed med god kompostjord som eg har bygd opp sidan i fjor vår av det eg har greidd å skaffa av organisk materiale: Gras frå rundballe, halm, plenklypp, lauv, tang og tare, hestemøkk, kompost frå min eigen kaldkompostbinge og varmkompostbinge (planteavfall, kjøkkenavfall).

Tang og tare har eg stor tru på, og så blei den stranda rydda! Øyvind Erland er ein god hjelpar.

Pluss Kompost frå Reve på Jæren som eg fekk levert frå Hove plantesalg i april.

I vår fekk et eit lass, rykande varm, Revekompost, levert frå Hove plantesalg.

Planen var å testa ut koss denne komposten var i forhold til min eigen. Men i staden for å bruka all Revekomposten i nokre pallekarmar blanda med kjøpejord, blei det til at eg toppa bed og karmar som der var heimelaga kompostjord i frå før.

Det store potetbedet i Leikeplasshagen (bak), sommarblomar fremst. Fotografert i slutten av juni. Kan du sjå at potetene til høgre er mørkare grøne enn dei til venstre?

Ingen tvil om at plantene trivs! I potetbedet kunne eg sjå at dei som hadde fått kompost frå Reve i tillegg, var mørkare grøne (bladverket/potetriset, ikkje sjølve jordeplene!).

Georginene mine er også flottare og kraftigare i år med Revekompost enn i fjor.

I kassane med sommarblomar hadde eg faktisk eit tjukt lag med halm og fersk hestemøkk (!) i starten av april før eg hadde på eigen kompostjord, så ein sekk kjøpejord i kvar, så Revekompost. Utplanting den 30. april. Kraftige saker for sommarblomar?! Var opprinneleg planen at eg skulle ha grønsaker her, men så vart det Zinnia og solhatt. Og dei kosar seg som bare det. Eg har ikkje gitt dei ein dråpe gjødsel.

(NB! Denne artikkelen er IKKJE sponsa av Reve kompost).

I vår henta eg sekkevis med både gammal hestemøkk – og nokre få med fersk.

At maisen veks så voldsomt, hadde eg ikkje trudd. Bedet er lagt på sand! Fyrst eit tjukt lag halm, så eigen kompost blanda med Revekompost (3/4 eigen kompost , 1/4 Revekompost), så veldig tjukt jorddekke av fyrst gras frå rundballe, så fleire sekker gras som kommunen hadde lagt i ein haug i eit friområde.

Eg har brukt opp heile rundballen og heile tilhengjarlasset med halm som eg fekk av bonde Kalle Nilsen i slutten av februar.

Heile denne rundballen er nå fordelt på toppen av beda i Leikeplasshagen. (Foto: Jan Inge Haga).

Mesteparten ligg rett nok som eit tjukt dekke i det store graskarbedet under frukttrea. Graskara ser ut til å lika det, ja! Epletrea også! Utan det, hadde eg måtta vatna mykje meir denne tørre og varme sommaren.

Graskara spreier seg ut under epletrea. Blir godt med epler i år, konstaterer dotter mi, Mari. Ikkje lett å fota seg i graskarjungelen! (Foto: Jan Inge Haga)

Den gjødselen eg har kjøpt (pellets av hønse og kugjødsel), har eg brukt i dei to beda i min eigen hage då eg planta ut andre runde grønsaker – altså etter fyrste avling var i hus. Fyrste avling greidde seg med eit lag sauemøkk og jorddekke av plenklypp og smuldra, tørka tang og tare.

Les meir om koss du får to avlingar på same plass her.

Eg har også kjøpt gjødsel til plantene i drivhuset (tomat, agurk, aubergine, chili) og pelargoniane mine.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: