Lun rødbetsalat med svartkål og appelsin

Lun  rødbetsalat  med  svartkål  og  appelsin
Festsalat! (Foto: Margunn Ueland)

Denne fargerike salaten er har så smakfull og mettande at du ikkje treng meir til lunch.

I Kina har dei restaurantar der du bestiller maten ut frå kva sjukdom du vil kurera eller førebyggja. Hadde dei hatt denne på menyen, kunne han vore universalmedisin mot det meste!

Sjå bare på denne ingredienslista:

  • 2 ss hakka ingefærrot (motverkar betennelse)
  • 2 kvitløkfedd (motverkar betennelse, nr. 1 av alle antikreft-grønsaker)
  • 1 liter hakka svartkål/grønkål (alt i kålfamilien er nr. 2 på antikrefttoppen etter løkfamilien. Er dessutan den matvaren som inneheld mest vitaminer og mineralar pr. kalori)
  • 4 rødbeter (stappa med mineralar og antioksidantar)
  • 2 appelsinar
  • 1-2 nevar valnøtter (rike på sunne fettsyrer/omega-3, protein og mineralar)
  • 1 ss olivenolje
  • bittelitt salt, peppar
Rødbeter er gildt å dyrka. Dette er sorten «Boltardy», ein god sort å så tidleg. Dei fire største hamna i salaten, den minste blei til smoothie..(Foto: Margunn Ueland)
  1. Slik gjer du:
  2. Kok rødbetene med skal på til dei blir møre.
  3. Imens hakkar du svartkålen, ingefærrota og skreller og hakkar kvitløken.
  4. Skrell appelsinane.
  5. Røresteik svartkål, ingefær og kvitløk 3-5 minuttar til svartkålen blir mør. Du vil sjå at kålen krympar voldsomt! Set panna/woken til sides.
  6. Ha dei ferdig kokte rødbetene i kaldt vatn til dei blir såpass avkjølte at du kan flå av skalet med nevane. Skjer i skiver.
  7. Legg svartkålmiksen på eit  fat.
  8. Legg rødbetene oppå.
  9. Drypp over 1 ss olivenolje og litt salt og peppar.
  10. Skjer appelsinane i tynne skiver og legg dei på.
  11. Strø over valnøttene.
  12. Server evt. med olivenolje og balsamicoeddik til dei som vil ha.
Små rødbetplanter fremst, ventar på plass i kjøkkenhagen. Tredje sådd.

Dyrkingstips

Ferske rødbeter er knallgodt  og lett å dyrka (Har aldri opplevd å få korkje sjukdom eller skadedyr på rødbeter). Derfor sår eg rødbeter i tre omgangar:

1: Tidleg på våren slik at eg kan planta ut småplantar i slutten av april.

2. Rett i bedet tidleg i mai.

3. I såkassar i siste halvdel av mai og i juni slik at eg har småplantar til å planta ut i juli /starten på august etter at eg har hausta tidlege poteter og andre grønsaker.

Slik får eg rødbeter frå juni til november/desember.

MEIR OM Å DYRKA RØDBETER HER

Har du smaka smoothie med rødbete? Prøv denne! Du kjem til å lika det!



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: