Gode, gamle, gullgjæve georginer!

Knallrøde, mørkerøde, rosa – georginene er det blømande blikkfanget i Leikeplasshagen saman med sommarblomane. Rett nok er eg nyforelska i Zinnia og solhatt, men min årelange kjærleik til georginene har ikkje rusta.

Eg likar nemleg masse fargar og sterke fargar. Og frodig må det vera. Massevis av blomar får du med nokre gamle georgineknollar.
Bedet er vel 2 x 2 meter – men med haug på! På framsida har eg planta 4 knallrøde, i midten 3 mørkerøde og bak 2 svære rosa. I midten på den eine kortsida: Ein liten kvit.

Eg veit dessverre ikkje namnet på sortane, for eg har fått dei – far, faster Åsa og bror min har hatt desse i mange år. Den mørkerød fekk eg frå ei hageinteressert dame i Stavanger.

Avstanden såg passeleg ut då eg planta dei i starten av mai, nå har dei vakse saman slik at eg mest ikkje ser kor den eine planten sluttar og den andre tek til…
Eg har alltid dyrka georginer i min hage -heilt sidan eg fekk dei fyrste knollane frå far for rundt 25 år sidan. Men då eg gjorde om den gamle overgrodde leikeplassen til kjøkkenhage, var det sjølsagt at georginene måtte vera der: “Kan me få plukka nokre blomar i hagen din”? Det spørsmålet fekk eg ofte frå nabojenta Sofie og veninnene hennar. Med georginer i Leikeplasshagen, kan Sofie plukka så ofte ho vil!

For sjølv om du fyller både ein og to vasar, vises det mest ikkje i georginebedet – så mange blomar er det å ta av.
Georginene kjem med nye blomar kvar dag – det gjeld bare å klyppa vekk dei gamle når dei tek til å visna.
Vatnast må dei denne tørre og varme sommaren. Heldigvis kom det regn i går kveld!
Georginer treng mykje næring. Gjødsel? Ingen! Bare masse godsaker i bedet før planting: Kompost og lauv på seinhausten i fjor, hestemøkk, meir kompost både frå eigen varmkompostbinge og kompost frå Reve på Jæren som eg fekk frå Hove plantesalg i vår. Og skikkeleg tjukt jorddekke frå rundballe eg var så heldig å få frå ein gild bonde.
Sjå kor kraftige og mørkegrøne dei er!

Når eg gledar meg over den overdådige bløminga, er det mest ikkje til å forstå at alt kjem frå det som tidleg i vår bare var tørre knollar som såg slik ut:

LES MEIR OM KOSS DU DYRKAR GEORGINER I DETTE INNLEGGET FRÅ I VÅR: Gå for georginer – Overdådig blomsterprakt – mest gratis!

Utanom georginer, Zinnia og solhatt, veks det også ringblomar, blomkarse og låge solsikker (som ikkje bles ned!) i Leikeplasshagen.
Blomkarse har eg hatt kvart år i snart 30 år! Her er ti gode grunnar til det. I Leikeplasshagen kryp dei rundt mellom bærbuskar og graskar.

Det er så fint å lese innleggene dine, for hagegleden din kommer så tydelig fram at den smitter! Tenker også at du har heldige naboer, som har et så generøst og omtenksomt menneske som deg rundt seg ❤️
Tusen takk, så hyggeleg kommentar frå deg! Eg er heldig som har gilde naboar:) Har blitt mykje betre kjende nå enn før pga Leikeplasshagen. Glede ja, elskar å dyrka, ekstra kjekt å ha med ungar:)