Avkjølande styrkedrikk

Avkjølande  styrkedrikk
Sursøte gule og grøne frukter er godt i grøne smoothiar. Denne smoothien kan du du laga nyplukka blad eller med frosne. (Fotos: Margunn Ueland)

I dag er det kalde drikkar som gjeld! Smoothie passar ypperleg – ikkje bare kald, også sunt og mettande.

Heldigvis har eg masse grønkål – ikkje bare i kjøkkenhagen- også i fryseboksen.  (sjå lenger ned for kjapp frysemetode)

Her er oppskrifta på dagens grøne, avkjølande styrkedrikk:

  • 1,5 dl frosen grønkål (eller 3 grønkålblad utan stilk. Mine er russisk bladkål, sorten «Ragged Jack». Kjøper du vanleg grønkål i butikk, held det med to blad)
  • 1 kiwi
  • 1/3 økologisk sitron
  • 4 ss tjukk kokosmelk frå boks
  • 2 dl ananasjuice (eller ein kaffikopp ananas og 1 kopp vatn)
  • Ein skvis lime
  • 1/2 banan
  • 2 dl vatn

Kjør i blendar og drikk!

Denne grønkålsorten er så fin med eikebladaktige, frynsete blad med lilla bladnerver. Også god smak. Sommarsolhatt til høgre.

Har du grønkål i hagen, gjeld det å plukka og plukka! Slik held plantene seg friske og fine, og du mangedoblar avlinga.

Lettvint frysemetode

Putt masse i fryseboksen! Bare rasp blada av stilkane, putt det i ein stor pose. Før stod eg og hakka og hakka før eg fraus ned i porsjonsposar. Ja, greit det, men du sparer tid på å bare ha alt i ein stor pose. For når dei er frosne, kan du bare trykka og klemma litt på den store posen, så smuldrar dei opp!

Fleire smoothieoppskrifter?

Gå til menyen øverst på sida, klikk på Matoppskrifter, så på smoothie. Der finn du oppskrifter på både grøne, gule, røde og lilla gode og sunne drikkar. Favoritten min for tida, er denne fiolette antioksidantbomba med bær og rødbete.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: