Mangold-fargeprakt: Meir enn til pynt, – sjekk helsefordelane!

Mangold-fargeprakt:  Meir  enn  til  pynt,  –  sjekk  helsefordelane!
Eit syn! Mangold "Bright Lights" (Foto: Margunn Ueland)

For nokre fantastiske fargar! Ein super bladgrønsak, – ikkje bare flott å sjå på, men lett og dyrka og uhyre produktiv til frå juni til november (av og til endå lenger). Sjå fleire fotos og få med deg nyttige tips om både dyrking, hausting, matlaging, frysing og ikkje minst: Viktig info om alle dei helsefremjande stoffa denne veksten inneheld.

Robust og produktiv

Mangold – også kalla bladbete – er «syskenbornet» til både spinat og rødbete. Som med spinat er det blada me et – fordelen med bladbete er at den får mange gonger så store og kraftige blad som spinat, slik at du får mykje meir mat på same plass. Blada blir så store at mange spør om det er rabarbra når dei ser dei med røde stilkar.

Nei, ikkje rabarbra, men mangold/bladbete. Også denne kjem frå ein frøpose med sortsnamnet «Bright Lights»

Ja, enorme mengder: Det er bare å plukka dei ytterste blada med jamne mellomrom, så veks nye ut.  Og i motsetning til spinaten som pleier å takka for seg når det blir skikkeleg lyst og varmt i juni, så leverer mangolden jamnt og  trutt, heile sommaren, heile hausten, både i sol og varme og regn og kulde (toler nokre minusgrader).

Aldri har eg opplevd sjukdom på dei heller.

Kva meir kan du be om av ein plante?

Bladbete/mangold «Bright Lights».

Helsefordelar

Næringsinnhald? På topp! Mørkegrøne bladgrønsaker er jo «the healthiest food on earth» i fylgje Dr. Michael Greger som har gjort det til si store livsoppgåve å pløya gjennom all forskning om samanhengen mellom kosthald og helse.

Og på rankinglista til Dr. Joel Fuhrman over kva matvarer som inneheld mest vitaminar, mineralar, sjukdomsførebyggjande plantestoff, protein, gode fettsyrer – kjem mangold på sigerspallen saman med grønkål og brønnkarse.

Legg merke til den mørkegrøne fargen! Her er masse klorofyll, A- B-og K-vitamin, magnesium og kalium – for å nemna noko av alle dei nyttige stoffene denne vidunderveksten inneheld.

Mangold inneheld uhyre få kaloriar (ci 19 kaloriar pr. 100 gram ferske, rå blad), men er ei rik kjelde til både vitamin C, vitamin K (viktig for sterkt skjelett!), B-vitaminar og  mineralar som magnesium, mangan, kalk, jern, kalium (mot høgt blodtrykk).

Du har sikkert høyrt at det er viktig å «eta regnbogen», få i deg matvarer i alle fargar. Det er fordi fargestoffa inneheld fytokjemikaliar/plantestoff som er sjukdomsførebyggjande og helsefremjande. Sjå på fargeprakta til mangold, ikkje bare stilkane, men dei mørkegrøne blada, og du forstår fort at dette er supermat!  To av mange slike plantestoff i mangold er lutein og zeaxanthin som er viktig for augene dine. Ja, mangel på desse stoffa kan føra til at du får augesjukdomen macula som gjer deg blind.

Synd derfor at mangold ikkje er å finna i butikkhyllene, men me kan jo dyrka mangold sjølv, så sikrar me også at me unngår å få i oss sprøytemiddel.

Få i deg masse grønt, og du vil kjenna energien strøymer på! Dette er sorten «Fordhoook Giant» som eg dyrka i fjor.

Dyrketips

Ikkje så for tidleg, då kan mangold gå i stokk. Eg sår i midten/slutten av april, priklar i mai, pottar om til større potter i starten av juni – då får eg store planter med godt rotsystem som eg kan planta ut i slutten av juni og i juli etter opptak av  for eksempel knutekål, brokkoli, løk, tidlegpoteter og bondebønner.

LES MEIR OM SERIEDYRKING HER.

Frøa er lette å så, dei er like store som rødbetefrø.

Ein annan fordel med mangold, er at den veks bra både i sol og halvskugge.

Nokre får nærmast bronsefarga blad. Jepp, «Bright Lights».

Fleire sortar fins: Den du ser på desse bileta, er «Bright Lights» . «Rainbowchard» er ein annan  sort med stilkar i gult, rosa, rødt og oransje. «Fordhook Giant» som eg dyrka i fjor, har kvite stilkar. Det regnfulle året 2017, leverte den enorme mengder! Men «Bright Lights» blir jammen like store!

Kanskje det er fordi eg let dei stå lenger før eg plukkar inn blad… Dei er jo så utruleg fine å sjå på!

Og denne «Bright Lights» blei rosa..

Mattips

Du kan eta både dei breie stilkane og dei grøne blada. Eg likar ikkje så godt stilkane, blada er best.

Kva kan me laga av mangold?

Kortsvaret er: Bruk mangold som spinat: Lag supper, lag stuing, fres han med kvitløk og gjerne også ingefær på panna. Også fin å bruka i wokrettar, gryterettar, paiar, gratengar – hakk og ha i omelett, lag «kålrulettar» med mangold i staden for kål.

Sjekk oppskrifta på Min beste lasagne og bruk mangold i staden for grønkål i den kvite sausen.

Eller du kan laga grøn lasagne!

«Babyspinat» er god rå i salatar. Det går også med unge blad av mangold, men spinat smakar betre.

Masse? Ja, men etter forvelling minkar det slik at du får plass til alt i ein frysepose.

Frysetips

Eg frys også ned masse slik at eg har å ta av til vinteren: Då skjer eg stilkane av, hakkar og forvellar blada (gir dei eit raskt oppkok), silar av vatnet, let kaldt vatn renna over, pressar av vatnet og stappar den grøne massen i fryseposar. Eit gedigent «lass» nyplukka blad blir då til ein liten pose…

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: