Enkel purre-potet-suppe

Enkel  purre-potet-suppe
Ung purre frå tynning i pallekarmen klare for suppegryta. (Foto: Margunn Ueland)

Bare tre ingrediensar og så god! Denne enkle suppa lagar du på null, komma niks! Dette er nemleg ein kjapp variant av den klassiske franske Vichyssoise. For med superferske råvarer treng du ikkje dilla og dalla!

Eg måtte tynna i pallekarmen med purre og i kjøleskapet hadde eg massevis av nyhausta poteter. Dermed hamna ti tynne purreløk i ei stor gryte saman med ti mellomstore poteter.

Gylne «Van Gogh»-poteter openbara seg under jorda då med drog i potetriset. 2 minutt frå bed til gryta.. Ferskare kan det ikkje bli!

OPPSKRIFT:

  • 3-4 purre (tilsvarar vel mine 10 tynne)
  • 10 poteter (eg skreller ikkje mine nypoteter, bare vaskar og skrubbar dei godt)
  • 2 liter vatn
  • 3 buljongterningar (hønse- eller kyllingbuljong, er du veganar, bruk grønsaksbuljong)
  • litt peppar
Tilsett vatn og buljong, det var alt!

Slik gjer du:

  1. Skjer opp purre og potet i bitar og ha i gryte med vatn og buljongterning. Eg brukar alt på purren.
  2. La putra til grønsakene er møre – ci 20-30 minuttar, kjem an på kor fint du har skore grønsakene.
  3. Blend alt med ein stavmiksar, eventuelt kjør i kjøkkenmaskin (halvparten i fyrste omgang, så den andre).
  4. Smak til med peppar.
Så masse suppe, nok til miinst tre middagar for to.

Server! Godt med rista eller nybakt brød til.

Smør, olivenolje, ost

Purren gir suppa den gode smaken, potetene gjer deg god og mett.

Vanlegvis let ein purren surra lett i smør før ein har oppi resten og kokar suppa. Eg hoppa altså over det, og det gjekk heilt fint! Smaken blei god likevel, eg sparte tid og så kan me jo heller ha smør/olje til slutt – enten i suppa eller på brødskiva.  Ost på rista brød er godt til.

Enkelt er ofte det beste.

Mannen min og eg blei mette av snautt 1/3 av suppa med kvar si skive til. Resten fraus eg til kjølege, regnfulle haustkveldar.

Helsetips:

Purre inneheld nesten null kaloriar, men er rik på kostfiber og B-vitaminet folat, ei god kjelde til vitamin B6, vitamin C og mineralet kalium. Og som før skreve: Kvitløk, purre, løk (kålfamilien) inneheld kreftførebyggjande plantestoff.

Godt brød

Her er oppskrift på godt brød som det er lett å laga.

 



2 thoughts on “Enkel purre-potet-suppe”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: