Sjå herlege bilete frå høgdepunkt i juli!

Juli er full av høgdepunkt i kjøkkenhagen: Opptak av poteter, løk, kvitløk, spisskål, plukking av bær, bondebønner, squash, massevis av fargeglade sommarblomar.
La meg visa deg flotte bilete fotograf Jan Inge Haga tok då Håvard (11), Mina (13) og Maja (15) var med i kjøkkenhagen.


Ein travel, men gild månad – kunne ikkje falla meg inn å reisa vekk på ferie! Eg nikosar meg: Så mykje å gleda seg over: Struttande planter, fargeprakt frå georginer og mangold/bladbete, graskar som veks og veks og veks….

Gylne, søte tomatar i drivhuset, saftige agurkar som går frå veslefingerstore til svære på få dagar. Like fort veks squashen ute: Dei store gule blomane blir til svære frukter før du får sukk for deg.

På terrassen trives pelargoniane – i fjor kunne eg mest ikkje ha dei ute, det regna jo i eitt sett! Nå held me pelargoniane me selskap både til frokost, lunch, middag og kvelds!
Mest vemodig at me nå går inn i den siste veka i juli…

Aller mest stas for ungane denne månaden – både naboungar og små og store barnebarn – har det vore å ta opp poteter: Kompostjorda mi er så laus og fin at ungane bare kan ta tak nederst i stilkane og dra opp, så kjem dei gjæve knollane til syne. Utruleg at bare ei potet kan bli til så mange! 35 av tidlegpoteta “Arielle” sette eg i bedet ved sida av drivhuset i midten av april. Synd eg ikkje har vekt så eg kan fortelja kor mange kilo det blei, men det var nok minst eitt kilo frå kvar potet.

I det store bedet i Leikeplasshagen har naboungane fått ta opp “Carolus” og “Van Gogh”. Dette er halvseine sortar, men dei var store nok til å bli opptekne i første halvdel av månaden. Les meir om det og sjå fotos i “På skattejakt i potetbedet”.
Står ennå i bedet gjer halvseine “Asterix” og “Troll”, samt seine “Pimpernell” og mandelpotet. Desse har eg ikkje vatna ei einaste gong i heile år! Det til trass for at det har vore uvanleg turt både i mai, juni og juli (ikkje ein dråpe regn i heile juli). Lauvet er ennå grønt!

Eg takkar og prisar for at eg blanda inn masse organisk materiale i beda både i fjor haust (lauv og store mengder slyngblomkarse!) og i vår: Halm, hestemøkk, tang og tare, kompost. Det har både gitt næring og halde på fukt. Fordampinga og uttørking også har blitt mindre på grunn av jorddekke.
Jo, det er noko eige med jordeple!

Yndlingsgrøden min er nok likevel løk og kvitløk! Ikkje mykje som slår den gode kjensla av trinn, gyllen løk til tørk i sola. Og så fantastisk godt det er med superfersk kvitløk!

Både vår, sommar og haust i juli
Så og planta om våren, venta heile sommaren og så hausta om hausten? Nei, slik er det ikkje. Eg sår og plantar frå april til september.. Og haustar frå mai til desember (kanskje heilt fram til neste vår).

Juli er derfor ein travel: Opptak av tidlegpoteter, løk, vårløk, kvitløk, fyrste runde kål (spisskål), rødbeter og plukking av salat (rukkola) og fyrste runde bondebønner.
Såing og prikling av knutekål, kinakål og grønkål som skal plantast ut seinare.

Eg skreiv at løk var favorittgrøden min – hmm – kål er jo skrekkeleg moro dyrka! Eg trur kål må toppa lista – det fins så mange ulike slag – kål kan gje mat frå juni til langt utpå vinteren. Derfor sår eg ikkje kål bare ein gong, men minst tre gonger.
Ja, bondebønner har eg sådd tredje runde av i juli. Andre omgang sådde eg rett ut i mai.

Samstundes skal alt som veks og blømer passast og stellast: Vatna, vatna, vatna – puh—!
Visne blomar og stygge blad skal klyppast vekk.
Egg frå kålsommarfuglar må vekk frå grønkål og kålplanter før dei blir til larver. Tjuvar skal knipast på tomatplantene.

Av bladpersille og grønkål gjeld det å hausta jamnt og trutt – nye blad veks stadig ut.
Og bær, eg elskar bær!
Korkje jordbær, rips, solbær eller stikkelsbær blei særleg store i år – fekk nok for lite vatn, ja! Men, så gode som dei var!
