Når du har masse squash-3: Lag 3 ulike middagar frå ei grunnrøre

Når  du  har  masse  squash-3:  Lag  3  ulike  middagar  frå  ei  grunnrøre
Med denne grunnrøra kan du laga fleire ulike middagar. (Fotos: Margunn Ueland)

Du blir ikkje i beit for middagar om du lagar denne!  Smakar godt og er lett å laga. Fyrst skal du få oppskrifta på grunnrøra/stuinga, så skal du få tips om koss du kan variera denne slik at du kan laga fleire ulike rettar.

SQUASHSTUING:

  • 1/2 dl vatn
  • 4 løk
  • 1 kvitløk
  • 4 middels til store gule og grøne squash (ci 2 kilo tilsaman, det er ikkje så nøye…. Det går an med bare grøne også, men rettane blir finare å sjå på med både gule og grøne)
  • 1 rød paprika
  • 4 boksar hakka tomat
  • 2 ss tomatpuré
  • 2 ts paprikapulver
  • 1 ts gurkemeie
  • 1 ts grønsaksbuljongpulver
  • 4 ts tørka oregano
  • 4 ts tørka timian
  • Eit lite dryss chilipeppar
  • 1 dl vatn
  • salt, peppar

Slik gjer du:

  1. Finn fram ei stor gryte.
  2. Hakk  løk og kvitløk og fres i vatnet  til dei blir litt mjuke. (Det går fint utan olje, altså i vatn! Heller heller ein klunk god olivenolje i til slutt for ekstra smak i middelhavsvariantane av denne røra.)
  3. Skjer squashen i bitar (så små som du gidd…) og ha oppi saman med løken.
  4. Ha oppi resten og småkok alt i 30-40 minuttar.

Då får du mest 5 liter stuing. Av den kan du laga 3 ulike rettar til fire personar.

Del gjerne røra i tre, bruk den eine til middag nå og frys dei to andre til seinare.

Potent squash! Sorten er «Goldy», gøy å dyrka, god på smak.

3 ULIKE MIDDAGAR MED SQUASHSTUING: 

FRANSK BØNNEFORM

Varm opp ci 1,5 liter squashstuing med 2 boksar tomatbønner, tilsett meir urter (bruk dei du har, f.eks salvie, persille, rosmarin, timian) og peppar og ein klunk olivenolje og ha i ei eldfast form.

Dekk med ein squash eller ein baguette i tynne skiver og dryss over med urter og reven ost.

Putt i omnen og la steika til retten er varm og osten gyllen.

PASTA MAMA MIA

Kok opp god pasta,  hell over varm squashstuing med ein klunk olivenolje, pynt med basilikum og kirsebærtomatar delte i to.

BALTI (indisk gryterett)

Med grønkål, kikerter og ekstra krydder.

Ha 1 ss kokosolje i gryte med tjukk botn.

Tilsett 1,5 liter squashrøre og deretter:

1 ts koriander, 1 ts spisskummenfrø, 1 ts gurkemeie, 1 ts kanel, 1 ts kardemomme, litt meir chili (kjem an på kor sterkt du vil ha det)

3 handfullar hakka, frosen grønkål/mangold/spinat (eg har frysa full)

1-2 boksar kikerter (kjøp ferdig kokte på boks, tøm ut væska, skyl i vatn før du har dei i gryta).

La putra i 10 minuttar.

Smak til med eit skvis sitron. Server med fullkornris og mangochutney.

PRØV OGSÅ ULIKE KAKER MED SQUASH:

Nomme-nomm. Dette er grunnvarianten. Endå betre synes eg det vart med kakao i…

Zuper Zuccinihake  utan sukker, kveitemjøl og egg – prøv ulike variantar, eg likar best den med sjokolade

Formkake med sommarsquash, rosiner og nøtter. (Foto: Margunn Ueland)

Formkake med sommarsquash 

DYRKINGSTIPS: 

Ikkje noko veks så fort som squash!

Gje graskar og squash ein god start!



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: