Når du har masse squash -del 2: Bak endå fleire (og sunnare) kaker!

Når  du  har  masse  squash  -del  2:  Bak  endå  fleire  (og  sunnare)  kaker!

Gul squash, lysegrøn stripete, mørkegrøn squash – «Goldy», «Tapir», «Black Beauty» leverer i lange banar.  Eg pønskar ut nye oppskrifter på squashbrød/formkaker.

Gul «Goldy» og mørkegrøn «Black Beauty». (Fotos: Margunn Ueland).

I den fyrste oppskrifta eg delte her, Formkake med sommarsquash, var der kveitemjøl og egg. Her om dagen ringte ei kjær veninne og fortalde at mannen hadde fått prostatakreft. Ho hadde så lyst til å laga noko godt til han, men så var der jo masse sukker og kvitt kveitemjøl i alle kakeoppskrifter – og sukker kvitt kveitemjøl er ikkje bra.  Sukker fyrer opp under betennelsestilstandar i kroppen.

Antikreftmat

I boka «Kreft og terrenget ditt» av forskar og lege David Servan-Schreiber, står sukker og kvitt mjøl øverst på lista over matvarer me bør unngå.

Eg slo opp på kapittelet om prostatakreft i Dr. Michael Greger si bok «How not to die», og fann at egg heller ikkje var bra, det var derimot linfrø, for ikkje å snakka om alt i kålfamilien.

Så denne oppskrifta kan ho trygt baka!

Slapp av, de skal ikkje få oppskrift på ei kake med kål… Men de skal få oppskrift med linfrø i staden for egg, og havremjøl i staden for kveitemjøl.

Denne er attpåtil så god, at eg har laga 5 slike den siste veka…. Kvar med ei ny, liten vri….

Her er grunnoppskrifta på  ZUPER ZUCCHINIKAKE 

(Eg likar så godt det italienske ordet for squash, Zucchini, det er så artig å seia, meir saft og swung over det enn squash.. Squash høyrest heilt smadra ut….)

  • 3 matskeier (spiseskeier) knuste linfrø (du får kjøpt knuste linfrø i butikken)
  • 1,2 dl vatn
  • 2 medium squash/zucchini (grøne eller gule eller begge deler)
  • 1,2 dl rå kokosolje (det får du kjøpt i helsekostbutikkar)
  • 1/4 kopp lønnesirup eller honning eller agavesirup
  • 2 ts vanilje
  • 3 kaffekoppar (6,2 dl) havremjøl (kjør havregryn i kjøkkenmaskinen til dei blir oppmalte)
  • 2 ts natron
  • 2 ts kanel

Slik gjer du det:

  1. Bland linfrø med vatn, la dei stå og svella i 10-15 minuttar.
  2. Kjør squashen til i kjøkkenmaskin til den blir som ein puré.
  3. Bland i sirup/honning, kokosolje.
  4. Bland vaniljesukker og natron i havremjølet, ha oppi squashrøra og bland alt.
  5. Ha i ei form pensla med kokosolje.
  6. Steik i omnen på 180 grader i 75 minutt.
  7. NB! La kaka stå i forma til ho blir lunka før du heller ho over på rist.

Kaka blir mjuk, fuktig og nærmast «svampete». På bilete nedføre har eg skåre opp kaka rett etter at ho kom ut av omnen. Det er lurt å la ho avkjøla, så stivnar ho.

Nomme-nomm. Dette er grunnvarianten. Endå betre synes eg det vart med kakao i…

Kvar gong eg bakar denne, leikar eg meg med å tilsetja diverse godsaker:

Fyrste gongen var då dotter mi Mari var heime på ein liten ferie nyleg. Då blanda eg i ein mosa banan, og skar opp ein annan i skiver på toppen. Kaka blei fort oppeten…

Sjokoladebitar og blåbær hadde eg i då syster mi, bror min og dottera Rebekka med mann og barn var på besøk.

«Det er squash oppi, fortalde eg.

«Øhh, grønsaker», frynte Rebekka.

«Men den var jo god! Eg tek eit stykke til!» sa ho etter nokre minuttar.

Tredje gong eg baka denne, var då det nye terrassebordet skulle innviast med lørdagslunch med gode vener. Då hadde eg i 1 spiseskei med kakakopulver (eg brukar økologisk råkakao). Også den fall i smak.

Fjerde gongen hadde eg oppi 2 spiseskeier kakaopulver, 1 neve rosiner og 1 neve hasselnøtter. Det blei den aller beste!

Den femte gongen baka eg derfor ei til av denne og putta i fryseboksen…

Hmm… Kva med å plukka og hakka ein squashblom til å ha i kaka? Nei, dei er jo så fine, må få stå. Hoblomane skal dessutan bli squash. Det må vera ein hannblom i så fall…

Fleire idéar

Neste gong har eg lyst til å å prøva med ingefær oppi.  Kardemomme og dadlar… Eller noko frå hagen? Hakka squashblomar og ringblom-«frynser»? Mynte?

Rips? Det hadde sikkert vore godt med litt rødt og syrlig oppi…

Og til hausten vil eg prøva med raspa epler i! Her kan me halda det gåande….

Prøv også

Eg elskar denne puddingaktige kaka, mannen min er mest glad i denne:

«Når du har masse squash, del 1: Bak kake! 

Mi absolutte yndlingskake, supersunn og supergod. (Foto: Margunn Ueland)

Mens me snakkar om kake: Det er bringebærsesong. Her er oppskrift på ei knallgod festkake med massevis av bringebær. Rask og lett å laga og råsunn! 

FYLG MED, FLEIRE OPPSKRIFTER MED SQUASH KJEM! Det blir ikkje kake neste gong….men middagstips!

DYRKINGSTIPS: 

Ikkje noko veks så fort som squash!

Gje graskar og squash ein god start!



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: