Når du har masse squash-1: Bak kake!

Når du har masse squash-1: Bak kake!

Har du ein squashplante eller to, står du sikkert med famnen full av squash som du ikkje heilt veit kva du skal gjera av. Utruleg produktive planter!

Mitt eldste barnebarn, Maja (15) plukkar squash. Denne sorten heiter “Black Beauty”. Bak veks mais. (Foto: Jan Inge Haga)

Lekraste er dei jo som små med blom på – men det blir garantert alltid nokre mellomstore og store squash som du ikkje rekk å plukka eller som du oppdagar mange dagar seinare under nokre gedigne blad.

Lekre, små squash av sorten “Tapir”. Blomane er også gode å eta. Det går fint å hakka både små squash og bloma å bruka dei i salat. (Foto: Margunn Ueland)
Plutseleg var squashen blitt mellomstor og stor…Denne er ekstra stor fordi den er ein krysning av squash “Tapir” og spaghettisquash. (Foto: Margunn Ueland)

Derfor tenkte eg at eg skulle dela nokre av dei beste oppskriftene mine med squash (sommarsquash, courgette) med deg framover. Både gamle favorittar og nye som eg nyss har “koka i hop”:  Fyrst denne “gode, gamle” formkaka:

Det blei ei stor formkake, som du ser, her er ho delt i to. (Foto: Margunn Ueland)

FORMKAKE MED SOMMARSQUASH:

  • 6,5 dl kveitemjøl
  • 4 ts bakepulver
  • 1/2 ts salt
  • 3 ts kanel
  • 2 egg
  • 1,25 dl lønnesirup
  • 1 dl rapsolje
  • 1 ts eplecidereddik
  • 2 ts vaniljesukker
  • 6,5 dl raspa sommarsquash (eg brukte både gule og grøne)
  • 1 dl rosiner (økologiske)
  • 1 dl hasselnøtter

Slik gjer du:

  1. Bland alt det tørre.
  2. Bland alt det våte.
  3. Bland tørt og vått.
  4. Rør inn raspa squash, rosiner og nøtter.
  5. (Blant eventuelt med bittelitt vatn – nyplukka, sjøldyrka squash er meir saftige enn dei frå butikken. Men  røra skal vera temmeleg tjukk).
  6. Ha i ei lett olja brødform og steik i omnen i cirka 60 minuttar på 180 grader.
  7. Det blir “haug” på kaka etterkvart som ho  hevar og steiker. Det går også an å ha røra i to brødformer. Då blir steiketida mindre, cirka 45 minuttar.
  8. Test med ein trepinne for å sjå om kaka er klar.
  9. La avkjøla ti minutt i forma før servering.
Squash treng plass! Eg har to planter i den fremste pallekarmen og tre i den bakerste. (Foto: Margunn Ueland)

Dyrkingstips

NB! Squash treng mykje vatn! Tungt å slepa på vatnekanner, eg veit det… For å sleppa unna med mindre vatning, bruk jorddekke.  Masse organisk materiale innblanda i jorda medverkar også til å halda på fukt – pluss at det gir næring.

Les meir om jorddekke her.

Eg klypper vekk gamle, svære blad som er i ferd med å bli stygge. Både for å unngå sjukdom på plantene, og for å sleppa til lys og sol og bier og humler på blomane slik at dei kan danna frukter.

Blada kastar eg sjølvsagt i varmkompostbingen.

Eg tek eit stykke til… (Foto: Margunn Ueland)

Og etter at du har plukka, vatna og klyppa vekk stygge blad, er det tid for å slappa av i fluktstolen med ein kopp te og ei tjukk skive squashkake…

FLEIRE OPPSKRIFTER MED SQUASH KJEM HER PÅ BLOGGEN I DAGANE FRAMOVER.

Her er oppskrift på  endå ei kake – denne er utan både sukker, kveitemjøl og egg: Zuper Zucchinikake i fleire variantar – eg likar best den med sjokolade (råkakao). 

DYRKINGSTIPS: 

Ikkje noko veks så fort som squash!

Gje graskar og squash ein god start!

 



5 kommentarar om “Når du har masse squash-1: Bak kake!”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: