Graskara veks noko grassat!

Graskara veks noko grassat!

Wow! Dei åtte graskara dekker nå heile bakken i det store bedet som er vel  ti meter langt og fire meter breitt.  Under eit hav av store, runde blad, gøymer graskara seg.

Graskara spreier seg ut under epletrea. Blir godt med epler i år, konstaterer dotter mi, Mari. Ikkje lett å fota seg i graskarjungelen! (Foto: Jan Inge Haga)

Seks sortar planta eg her den 21. mai. Då var dei så store som på biletet under. Koss ser dei ut nå? Kom skal du få sjå!

Klare for utplanting. 21. mai. (Foto: Margunn Ueland)

Størst nå er utan tvil er Mammutgraskar “Rouge Vif d´ Etampes”.  Knallgule, så flotte å sjå på! Kanskje ikkje rart dei  slår dei andre på storleiken, for desse graskara kan bli 8-10 kilo. Når dei er klare utpå hausten, skal dei bli oransje.

Mammutgraskar “Rouge Vif d´Etampes”. (Foto: Margunn Ueland)

Raskaste var “Uchiki Kuri”, ein japansk pæreforma vintersquash. Dei to Kuri-ane var dei fyrste som blømde og sette frukt. Lenge var dei størst, men så blei dei utkonkurrert av både mammutgraskar og “Lakota”.  Men “Uchiki Kuri” skal ikkje bli  større enn 1-2 kilo, og fargen skal bli oransje..

“Uchiki Kuri”. (Foto: Margunn Ueland)

“Lakota”  er nest størst.  Fruktene er dråpeforma, lysegule og grønstripete i enden.  Dette er ein gammal sort vintersquash som Lakota-Siox-indianarane dyrka. I fylgje frøkatalogen  (Albinus), skal dei bli 2,5-3 kilo store, oransje med grønt “flammemønster”.

Bak den store gule blomen dannar det seg ei graskarkule– Dette er “Lakota”, fotografert av Jan Inge Haga den 5. juli.

“Marina di Chioggia” er nå ei lysegrøn kule litt større enn ein tennisball. Desse skal bli store, plattrunde, grøgrøne og knudrete. Vintersquash.

“Marina di Chioggia” .

“Green Hubbard” har også kome med ei lysegrøn kule. Skal bli store, mørkegrøne vintersquash.

Turbangraskar “Giraumon turban” er foreløpig minst. Dei skal bli guloransje nederst og lyse øverst med grøne og røde striper. Fargane har dei ikkje fått ennå, men det er mogeleg å sjå inndelinga i to – altså mellom det som skal bli den nederste og øverste delen.

Det er faktisk ikkje lett å finna og fotografera graskara, for eg kan mest ikkje trø på bakken av frykt for å trø på ein stengel.  Stenglane er fleire meter lange, og den eine sorten veks over i den andre.

I tillegg har eg planta fire andre sortar i eit omlag sju kvadratmeter stort bed:

“Waltham Butternut” (skal bli beige, pæreforma frukter på cirka 2 kilo), har nett kome med små grøne avlange frukter.

“Trombocini” har fått runde, gule, frukter. Eg gledar meg til å fylgja med vidare! Dei skal bli kjegleforma, graskar med tynn, lang, bøygd hals.

“Sweet Dumpling” har ikkje fått frukter ennå.

Krysning av sommarsquash “Tapir” og spaghettisquash. Ser ut som “Tapir”, men etterkvart som dei blir store, dannar det seg “spaghetti” inni. (Foto: Margunn Ueland)

“Spaghettisquash”, eller det eg trudde var spaghettisquash. Fekk nemleg frø av Anne Endresen (@annemorshage). Viste seg å vera ein krysning av sommarsquash “Tapir” og spaghettigraskar.  Planten er mykje større enn kva “Tapir”-ane mine var i fjor sommar, og den ber mengdevis med lyst grønstripete sommarsquash. Som små&medium er dei som sommarsquash, etterkvart som dei blir store, blir dei meir som spaghettisquash, opplyser @annemorshage. Det stemmer!

Redninga i tørken

Eg håpa på ein varm og solrik sommar, for graskara vil helst ha det. Men dei treng også mykje vatn og næring, så eg er glad eg vatna før me fekk forbod mot å vatna med vanneslange og ikkje minst glad for at dei har fått eit skikkeleg tjukt lag med jorddekke (fyrst lauv, så halm, så gras frå rundballe).

Les meir om jorddekke her: Kva dekker du jorda med, og kor får du tak i det?

Ein annan viktig grunn til at dei veks så bra, er at eg gjorde ein grundig jobb då eg planta dei ut. Då fekk nemleg kvar plante to bøtter med kompost og 20 liter vatn.  To bøtter Bokashi fekk dei også. (fermentert matavfall).

Graskar treng stor plass! (Foto: Margunn Ueland)

Graskara i det minste bedet veks i eit såkalla “lasagnebed” som er proppa med organisk materiale og dekka med tjukt lag gras. Jammen godt, for også her veks dei vel tett.  I tillegg til dei fire sortane eg nemnde, har eg også ein Lakota og ein Green Hubbard her, pluss ein sylteagurk og ein “agurk” frå drivhuset som viste seg å vera ein squash…  (Eg veit ikkje kva sort agurkane er, eg fekk dei av ei venninne, Eldbjørg Bonner Hay).

Graskara planta eg ut den 21.  mai. 

Dei blei sådde den 19. april. Alvin (5) sådde mammutgraskara, Malene (3) sådde “Uchiki Kuri”. 

Det er fyrste året eg dyrkar desse sortane, så eg er kjempespent på koss det går vidare! Så gøy å fyljga utviklinga!



2 kommentarar om “Graskara veks noko grassat!”

  • Tusen takk for du deler dine bilder,tips og erfaringer :). Veldig inspirerende og lærerikt for for en fersk hobbydyrker 😉

    • Åh, TUSEN TAKK! Så gildt at du syns det og attpåtil fortel meg det på bloggen! Set stor pris på slike tilbakemeldingar. Det eg ville med denne bloggen, var å spre gleda mi over å dyrka – pluss eg hadde eit håp om at andre skulle få lyst til å prøva seg! Lukke til med di dyrking:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: