Gullmedalje til tomat «Sungold»

Gullmedalje  til  tomat  «Sungold»

Koss går det med tomatene? Den fyrste som mogna, var den gylne kirsebærtomaten «Sungold». Smaken er bare vidunderleg! Det er faktisk ein prestasjon å ta bilete av denne, for straks dei blir mogne, må eg bare putta dei i munnen!

Oransje «Sungold» er betre på smak enn den røde «Principe Borghese».

Neste tomat ut, var plommetomaten «Principe Borghese». Den smakar meir «vanleg», men langt nær så søt og god som «Sungold». Ein av dei beste italienske tomatene for tørking, sto det i frøkatalogen.

Plommetomat «Principe Borghese».

«Stripes of Yore» skifta fyrst frå grønt til grønt-svart/mørklilla-stripete, så blei dei heilt lillasvarte, og denne helga gjekk den mørke fargen over i gult på nederste halvdel. Så gøy! Eg smaka på den fyrste mogne i dag: God! Men smaka mindre og ikkje så søtt og tropisk som «Sungold».

«Stripes of Yore» saman med «Sungold» (øverst), fotografert den 7. juli.
«Stripes of Yore» fotografert den 15. juli.

Bifftomaten «Brandywine» blir  nok stor ja, men er ennå grøn.

«Brandywine» (rød).

Den femte sorten eg har i drivhuset, er  italienske «San Marzano», verdens beste tomat for tomatsaus, sa Eldbjørg Bonner Hay som eg fekk dei to plantene av. Og ho har budd i Italia..

Alle plantene i drivhuset er friske og fine, bortsett frå «San Marzano». Oppdaga for nokre dagar sidan at dei blei brunsvarte i tuppen – trur dei har fått griffelråte.  Så dumt! Ein grunn til det skal visst vera kalkmangel. Men dei har fått same jord og gjødsel (Biobact flytande gjødsel for tomatar) som dei andre.

Utandørs

Ute har eg frilandstomaten «Noire de Crimée»,  frå Ukrainia. Er nok bifftomat ja, for dei ser ut til å bli svære! Spent på både farge og smak. Den fyrste tok til å få litt farge nå i helga.

«Noire de Crimée» fremst, «Principe Borghese» til høgre.

Sidan eg ikkje fekk plass til alle «Principe Borghese» og «Brandywine» i drivhuset, har eg planta ut nokre av desse. «Brandywine» er ennå grøn, men «Principe Borghese» er i ferd med å rauda. Det er eg godt nøgd med!

Eg har også ein sort eg ikkje veit namnet på, fekk frø frå ein ven, Øyvind Erland. Nokon som veit?

Kva sort er dette?

Blada har krølla seg på utandørstomatene (bortsett frå «Brandywine»). Nokre tomatekspertar som veit kvifor? Har spurd, nokre seier det er varmen, andre at det er mangel på næring. Tyder ikkje på det siste når eg ser på veksten! Dei veks som bare det, eg har måtta «hogga ned» forvokste «tjuvar» og blad i fleire omgangar. Og plantene ser ut til å bera rikt med frukter. Kanskje for lite vatn?

Ser ut til å bli bra med tomater ute. Har sett plantene djupt og dekka med tjukt lag med gras frå gammal rundballe.

Ute har eg ikkje gitt gjødselvatn meir enn eit par gonger,  men det er masse kompost og ein del tang og tare i «kråkereiret». Har dessutan fora dei med eggeskal.. Har dessutan eit tjukt dekke med gras.

«Kråkereir» med tomatplanter.

I konkurransen kva tomat likar eg best, er det altså gode, gamle (har dyrka denne kvart år) «Sungold» som går av  med gullmedaljen nå i midten av juli, sjølv om det har vore fasinerande å fylgja med på utviklinga til «Stripes of Yore». Snart kan eg testa smaken!   Av årets nye sortar er eg mest spent på «Noire de Crimée».

TIDLEGARE INNLEGG OM TOMATDYRKING:

Nå har tomatplantene blitt heilt galne.

Tomattrøbbel og terrakottatrivsel.

Nå sår eg epler av gull.

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: