Spansk bondeomelett med ny (og sjølsagt sunnare) vri

Spansk  bondeomelett  med  ny  (og  sjølsagt  sunnare)  vri

Når du har masse løk, kvitløk, poteter og bladpersille, kva blir då dagens lunch? Spansk bondeomelett med mindre poteter enn i denne klassiske spanske retten, – og meir løk og persille. Pluss «how-not-to-die»- krydderblanding. Dermed blir omeletten tre hakk sunnare!

«Godt!» var mannens dom, og så åt me opp heile forma.

«Nå manglar eg bare høner, så hadde eg hatt alt til denne omeletten,» sa eg.

«Hah, hah, gløym det, du bur i by!» var svaret..

Persille må me ha i kjøkkenhagen! Klypp, og nye blad veks ut. Sorten eg sådde i år, er bladpersille «Gigante D’Italia». Kan du sjå eg nett har vore ute med saksa og klyppa ein stor bunt? (Foto: Margunn Ueland)

Her er oppskrifta:

Dette treng du: 

  • 2 store, kokte, kalde poteter (ikkje kok for mykje, skal vera faste)
  • 4 røde salatløk  (sjå foto nedføre, du kan også bruka anna løk. Bruk også med dei grøne toppane på fersk løk)
  • 1/2 fersk kvitløk eller 2 tørka fedd
  • 1 stor bunt bladpersille
  • 6 egg
  • litt salt og masse peppar
  • 1 ts «How-not-to-die»-krydderblanding* (ikkje nødvendig, men vil du prøva, får du oppskrifta nederst)
Fire nyplukka salatløk, sorten er «Long Red Florence». Dei grøne stilkane er også gode, smakar som vårløk. (Foto: Margunn Ueland)

Framgangsmåte:

  1. Hakk løkane og kvitløken og fres dei i rapsolje eller smør til dei blir mjuke. Avkjøl.
  2. Bland med hakka persille.
  3. Skjer opp potetene i tjukke skiver.
  4. Legg potetskivene i botnen av ei eldfast form, smørt med olje/smør.
  5. Pisk egg, ha eit dryss salt og så mykje peppar du likar.
  6. Hell over dei piska egga.
  7. Fordel løk&persille-blandinga på toppen. Trykk litt ned med ei sleiv.
  8. Steik i omn på 200 grader i 15 minutt med aluminiumsfolie over forma.
  9. Ta av folien og steik cirka 10 minutt til på 180 grader. Omeletten skal stivna men ikkje bli brun.
Så enormt mykje poteter det blir av nokre få settepoteter! Potetene i baljen er hausta frå «stripa» nederst i bedet. Sorten er «Arielle», god og stor tidlegpotet. (Foto: Margunn Ueland)

Server gjerne med ein enkel grøn salat eller tomatsalat og godt brød.

Oppskrift på sunt, godt og uhyre lettvint brød får du her. 

Prøv også: Gyllen sommarform med spisskål.

Dagens dessert: Solbær med vaniljesaus.

Luksus! Nyplukka solbær. (Foto: Margunn Ueland)

«How-not-to-die»-krydderblanding

Eg har alltid denne blandinga ståande. Set god smak på mange rettar. Ein god måte å redusera bruken av salt på!

Krydder og urter er dessutan stinne av antioksidantar, visste du det?

  • 2 ss næringsgjær
  • 1 ss løkpulver
  • 1 ss tørka persille
  • 1 ss tørka basilikum
  • 2 ts tørka timian
  • 2 ts kvitløkpulver
  • 2 ts sennepspulver
  • 2 ts paprikapuler
  • 1/2 ts gurkemeiepulver
  • 1/2 ts sellerifrø

Får du ikkje tak i alt (eg fekk ikkje tak i sellerifrø), bruk det du har. Bland godt og ha i eit glass med med eit tett lok.

Oppskrifta på krydderblandinga er henta frå Dr. Michael Greger si kokebok «The How not to Die Cookbook» som eg fekk av dotter mi til jul.

LES OM KOSS DU FÅR MASSE LØK PÅ LITEN PLASS HER.

LES OM Å DYRKA OG HAUSTA POTETER HER.

LES OM DYRKING OG HAUSTING AV KVITLØK HER.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: