Masse løk på fire kvadratmeter

Masse  løk  på  fire  kvadratmeter
Gul løk ligg til tørk på terrassen. (Foto: Jan Inge Haga)

Gul løk, rød løk, sjalottløk: Nå ligg flotte løk til tørk på terrassen. Så masse frå tre posar med setteløk!

For ein rikdom! (Foto: Margunn Ueland)

Tre barnebarn sette løken i små potter i drivhuset i  påska og i midten av april planta eg ut. Temmeleg tett, ja.

Les meir om det og sjå bilete av koss løken såg ut «si fyrste levetid» her.

Frå mai av klyppa eg inn litt grønt frå stilkane, og frå juni av drog eg opp ein liten løk etterkvart som eg trengte til maten. Eg tok dei som stod tettaste. Altså blei det endå meir løk frå fire kvadratmeter enn det du ser på bileta under og over.

Så mykje løk på fire kvadratmeter. (Foto: Margunn Ueland)

Når toppane legg seg og gulnar, er dei klare til å takast opp. Eg orka ikkje å venta til dei gulna, eg tok dei opp straks dei la seg, for då syntes eg det såg så rotete ut i bedet. Dessutan hadde dei fleste blitt store og fine. Attpåtil trengte eg plassen i bedet til andre grønsaker som sto i potter på terrassen og venta. Og for det tredje var det så sol og varmt, supert for tørking.

Dermed blei det opptak den 2. juli.

Sjalottløk. (Foto: Jan Inge Haga)
Sjalottløk fremst til høgre. Vanleg gul løk bak. Fotografert før utplanting i midten av april. (Foto: Margunn Ueland)

 

Ein fantastisk matplante: Tenk: Bare å dra han opp, leggja på tørk og så er han haldbar i veker og månader! Kva andre grønsaker kan du gjera det med?

Herleg syn! (Foto: Margunn Ueland)

Dyrk grønsaker du likar og de et mykje av, pleier eg å svara når folk lurer på kva vekster som er lure å starta med for nybegynnarar. Då er løk sjølvskreven. Går mest ikkje an å laga middag utan løk!

Lett er det også. Særleg når du brukar setteløk. Best resultat får du i varm, god, lett kompostjord.

«Long Red Florence», dyrka fram frå frø. (Foto: Jan Inge Haga)

Å så løk er meir krevande og tek mykje lenger tid. I år fekk eg det til for fyrste gong. Eg sådde salatløk «Long Red Florence» i slutten av februar.

Frøsådd rødløk «Red Florence», fotografert like etter utplanting i midten av april.(Foto: Margunn Ueland)

Lenge ser dei ut som tynne, grasstrå, men ha tolmod! Eg stakk ned dei grøne tustane i ein pallekarm i midten av april. I vekesvis såg det spinkelt ut, men så plutseleg, i månadsskiftet juni/juli var dei blitt meir enn store nok til å bli tekne opp! Dei blei altså klare samstundes med den andre løken frå setteløk.

Rød løk frå setteløk. (Foto: Jan Inge Haga)

Eg må dyrka meir løk neste år, sa eg i fjor. Det same seier eg nå.

Sunniva med rødløken ho sette og Alma med sjalottløk i venstre hand.

Det seier også barnebarna Alma, Sunniva og Christina som sette løken i drivhuset i påska. Dei var med på fyrste runde løkopptak den 22. juni. Då hausta med nokre frå bedet og nokre frå ein pallekarm.

Les meir om både det og kva anna dei hausta her.

Med masse god løk og poteter blir sjølsagt dagens lunch spansk bondeomlett! Med ny og sunn vri! Oppskrift får du her.



4 thoughts on “Masse løk på fire kvadratmeter”

  • Det er jo litt jobb å sette en og en løk inne i små potter, eller? Tenker på alt vi skal ha plass til i drivhuset på den tiden. Og så lurer jeg på om du spar opp jord på høsten for å ha klar til dette? Jeg lager Bokashijord, men den prioriterer jeg til de store pottene med tomater o.l. Dessuten vil den kanskje være for næringsrik i denne tidligfasen?

    • Hei! går fort å stikka ned nokre setteløk i små potter. Flyttar dei som regel ut på terrassen på frostfrie dagar. Ja, spar opp nokre sekker med jord, men kjøper også nokre sekker. Bokashien grev eg ned ute. Prøvde også med Bokashi i tre store kassar som eg nokre veker seinare planta ut russisk bladgrønkål i. Har ikkje sett løk i bokashijord.

  • Hei der. Må først skryte av den flotte bloggen din! Veldig inspirerende! Har du hatt bondebønner ? Lurte på hva de brukes til/hvordan man bruker de? Har du noen tips?

    • Hei! Tusen takk, glad du likar bloggen. Ja, har skreve fleire innlegg om bondebønner:) Eg likar dei best lettkokte (bare nokre få minutt), servert med urtedryss og litt god olje. Som forrett eller som siderett. Du kan også mosa dei, så får du bønnemos. Eller ha nokre i salatskåla, woken, i omeletten … det er bare å prøva seg fram!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: