Gyllen sommarform med spisskål

Gyllen  sommarform  med  spisskål
Gyllen grønsaksform med ris. Eller kålpudding med kjøkkenhagevri.

«Då eg var liten, hadde me ofte kålrulettar til middag», sa mannen min. Eg hadde nett hausta endå eit spisskål frå kjøkkenhagen.

Svenskane lagar kålpudding, kanskje me skal prøva det, sa eg.

Men ikkje hadde me kjøttdeig, og ikkje ville me kjøpa kjøttdeig, så dermed måtte eg finna på ein vri. «Man tager hva man haver…», det vil seia det som veks i kjøkkenhagen pluss det som står i skapet med linser, bønner og ris…

«Early Jersey Wakefield» er ein super kålsort: Kjempegod på smak, veks fort og vakker å sjå på. Om enn ikkje like vakker som Mari mi:) (Foto: Jan Inge Haga)

Og visst blei det godt! Men alt for mykje til 2 personar. Hadde metta 4:

Oppskrift:

A.

  • 1 stort spisskål (2 liter hakka kål)
  • 2 ss smør
  • 1 ts sirup
  • 3 ss eplecidereddik
  • salt og peppar

B:

  • 1,5 dl ris
  • 3 dl vatn
  • litt salt, 1 kvitløkfedd

C:

  • 1 liten løk
  • 1 liten kvitløk
  • 5 vårløk
  • 1 liten squash
  • 1 selleristang
  • 1 ss smør

D.

  • 200 gram kokte linser
  • 1 bunt persille
  • Timian
  • Salt, peppar pluss krydder du likar.
  • 1 neve cashewnøtter

Vil du retten skal vera vegansk, bytt ut smør med god rapsolje.

Dette er ein rett som er temmeleg mild å smak. Likar du meir «kvess», ha «Hot Sweet Chili Sauce» på kålen i staden for sirup og eplecidereddik.

Framgangsmåte:

A. Røresteik kål i smør til det blir mjukt – det minkar også kraftig i omfang – og rør inn sirup og eddik. Legg halvparten i botnen av ei eldfast form.

Mens eg hakka kålen, måtte eg jo smaka litt. Åj, åj, åj, den kålen var god rå!!  Ikkje bitter, snarare litt søt.. Kålen me hausta sist veke, åt me smørdampa. Neste spisskål skal det bli til kålsalat!

Kva sort? «Early Jersey Wakefield» (sjå foto over). Her kan du lesa meir om den og få tips om kåldyrking.

B. Kok ris.

C. Røresteik løk og selleristang til dei blir mjuke og løken gyllen, men ikkje brun.

D. Bland risen saman med grønsakene (C), linsene, urter og krydder (D) og legg i forma oppå laget med steikt kål. Legg resten av kålen på toppen som eit lokk.  Steik ci 5-10 minutt i omnen på 180 grader slik at alt blir godt gjennomvarma.

Server med ein neve cashewnøtter på toppen. Etterpå tenkte eg at eg godt kunne ha dryssa litt persille på toppen pluss oransje frynser frå ein ringblom..

PRØV OGSÅ: Spansk bondeomelett med ny (og sjølvsagt sunnare) vri.

Rabarbra til dessert

Eg hausta masse rabarbra i månadskifte mai/juni, vatna grundig, og nye stilkar har vakse ut. (Foto: Margunn Ueland)

Dessert: Rabarbragraut:)

Her er oppskrift på rabarbrasuppe og rabarbragraut.



4 thoughts on “Gyllen sommarform med spisskål”

  • Supert! Takk for oppskrift. Eg har også vurdert kålpudding, men vil helst unngå kjøtdeig . Denne skal eg prøve ?

  • Hei! Takk for spanande oppskrift! Prøvde den i dag, men med tilpasninger til det eg har i Hagen. Det vart gyllen sommarform med bladbete,, pak choi og blomkål. Eg har dessverre ikkje spisskål i Hagen, det skal eg jammen meg hugse til neste år! Men forma vart god den. Så takk igjen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: