Supert spisskål: Godt, vakkert og tidleg

Supert  spisskål:  Godt,  vakkert  og  tidleg
Vakker! Som ei gedigen rose.... Spisskål "Early Jersey Wakefield". Foto: Jan Inge Haga

Smørdampa, nyhausta spisskål, det er god sommarmat! Stor stas når dei fyrste kan haustast. Eg har ein tendens til å venta i lengste laget, for eg tykkjer dei er så dekorative at eg helst vil nyta synet i bedet så lenge eg kan..

Sorten du ser her, er «Early Jersey Wakefield», ein sort eg trygt kan tilrå. Ikkje bare er han vakker, han smakar kjempegodt og han veks fort.  Ein gammal sort frå 1840-talet.

Vakkerx2: Dotter mi Mari med spisskål «Early Jersey Wakefield». (Foto: Jan Inge Haga)

Eg dyrka «Early Jersey Wakefield» for fyrste gong i fjor, og vart så nøgd at eg bare måtte så nokre i år også. Eg sådde i drivhuset i slutten av februar, prikla dei i midten mars (flytta kvar spire over i lita potte), potta om i større potte i slutten av mars, flytta dei ut i ein kasse på dagar og netter utan frost og planta dei ut i bedet den 18. og 19. april. 

Spisskål «Early Jersey Wakefield» fotografert den 5. juni. (Foto: Margunn Ueland)

I midten av juni var dei fyrste spisse kålhoveda klare. Sidan har dei bare blitt større og større, det til trass for at me knapt har hatt regn. Og eg har bare vore ute med vatnslangen nokre få gonger.

Så tidleg som juni, spør du, og trur kanskje det har å gjera med varmen me har hatt her sør i år. Men nei, også i fjor då det var unormalt kaldt og vått, var dei fyrste klare i juni.

Kål treng mykje næring. Mine fekk plass i eit bed med god jord som eg i slutten av februar dekka med eit tynt lag tørr sauemøkk. I mai la eg på eit dekke av gras, i juni plussa eg på med tang og tare (knuste tørka tare og strødde ut), og så gras oppå det att.

Eg har ikkje vore plaga med larver på spisskålen -dei kvite kålsommarfuglane likar svartkålen og den russiske bladgrønskålen best….

Her får du tips mot larveplaga, eg ser kålsommarfuglane er aktive ute i desse dagar. 

Plantar ut ny runde kål nå

Hadde eg hatt att fleire frø, hadde eg sådd ein ny omgang nå. I staden har eg sådd ein annan favoritt: «Kalibos», ein rød spisskål, som smakar utruleg godt rå. Du vil ikkje tru det! Og attpåtil den vakraste kålen eg har dyrka.

«Kalibos» fotografert den 9. juli 2017. (Foto: Margunn Ueland)

Eg sår i beger på ein skuggefull plass på terrassen, – slik at eg har «kontrollen» på spirene fram til det blir småplanter. Då plantar eg ut. Eg prøver å «tima» det slik at nye, unge kålplanter er klare til utplanting når eg har teke opp tidlegpotetene.  Sist veke tok me opp tidlegpotetene «Arielle». Då kunne eg planta ut små plantar av kål og fennikel eg hadde sådd i midten av mai.

LES MEIR OM SERIEDYRKING HER.

Nam, nam: Bondebønner og spisskål.

«Det beste med heile måltidet»

I morges la eg ut eit foto av «Early Jersey Wakefield» på Instagram (@margunnskjokkenhage), og straks kom denne kommentaren frå bonusdotter Marte: «Me spiste vår te grillmaten i går, smørdampa:) Va det besta med heile måltidet:) Takk!»

Ja, lørdag serverte mannen nydeleg dampa torsk med lime og dill attåt smørdampa spisskål. Jysla godt!

I dag blir det nok spisskål igjen…

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: