På skattejakt i potetbedet

Potet! Potet! Potet! Ungane i gata ropte høgt av fryd då eg drog i potetriset og store, lysegule poteter viste seg i molda. Med bare nevane grov dei, og fann den eine etter den andre. Som å vera på skattejakt!

Me starta i den eine enden – der vaks to squash som heldt på å drukna i potetris.

“Van Gogh” heitte potetsorten: Fine og gule poteter viste det seg å vera – men ikkje like store som dei lysare “Arielle” i kjøkkenhagen min.
Meir! ropte ungane. Kanskje “Carolus” er klar? Spanande: Jau, ikkje så verst. Litt små ennå. Med rødlilla flekkar.

Nå er det vel nok, prøvde eg meg. Men ungane var heilt ville – dette var gøy! “Carolus” og dei andre sortane i det store bedet i Leikeplasshagen måtte få veksa litt meir.
Nora, William og Ludvig fekk vera med bort i hagen min. I sørhellinga har eg eit bed med tidlegpoteta “Arielle” som eg sette den 13. april. Dei visste eg var store, for dei aller fyrste av desse tok me opp då tre barnebarn kom på besøk den 22. juni og ville sjå og smaka på alt i kjøkkenhagen.
Nora (3) William (6) og kameraten Ludvig blei ikkje mindre ivrige når dei store potetene viste seg. “Potet”, “potet”, “potet” hylte dei. Til slutt blei “skatten” tømt ut på plenen, og dei gjekk i gong med å sortera.

Stolte kunne dei gå heim med ei stor skål nypoteter.
På Facebooksida Margunns kjøkkenhage kan du sjå video med dei ivrige ungane i potetbedet.
Både i nabohuset og hos meg blei middagen den dagen ei stor form med omnsbakte poteter med fersk kvitløk,løk og squash. Enkelt og godt! “Ungane spiste med andakt”, rapporterte mamma Marte Bøe.

Nå gledar eg meg til torsdag (5. juli), for då kjem tre andre barnebarn og skal ta opp resten av “Arielle”. Dessutan har eg ståande eit stort brett med små grønsaksplanter som treng å plantast ut.. Pluss nokre tomatplanter som eg ikkje har plass til i drivhuset og som har det for trangt i pottene dei står i.
Les meir om seriedyrking her: Tid for å hausta og planta på nytt.

Så langt har det vore eit godt potetår – med null sjukdom. Har vore uvanleg tørt, så det var gildt å sjå at “Arielle” var minst like store som i fjor då det regna i eitt sett.
Rett nok har eg vatna eit par gonger i “Arielle-bedet” pluss dekka med gras. I potetbedet i Leikeplasshagen derimot, har eg mest ikkje vatna.

Halvseine og seine
Dei andre sortane som veks her er “Asterix”, “Troll”, “Beate”, “Pimpernell” og mandelpotet. Dei skal få stå ei god stund til. Både “Van Gogh”, “Carolus”, “Asterix”, “Troll” og “Beate” er halvseine sortar. “Pimpernell” og mandelpotet er seine.
Les meir om dei ulike sortane her: Jippi, sju sortar settepoteter!
Eg har også nokre få “Pentland Dell” i eit lite bed.
Ny jord av potetriset
Potetriset hiv eg i kaldkompostbingen. Eg legg det lagvis med lauv og halm, så blir det til ny jord.
Poteter har blitt det nye “ugraset” i kjøkkenhagen. Det dukkar opp poteter både her og der, poteter eg ikkje har sett. Men også i fjor hamna potetriset i komposten…
Også poteter som me tydelegvis ikkje fekk med oss då me hausta i fjor, har blitt liggjande att nede i jorda, greid seg gjennom vinteren og kvitterer med nye poteter i år. Kult!