Fiolett antioksidantbombe

Fiolett  antioksidantbombe
Aj, aj, aj, denne var god! (Foto: Margunn Ueland)

«Åh, herligheden!»  Denne smoothien var så god at eg mest ikkje kan tru det.

Eg ville prøva med rødbeter oppi. Har gjort det før med bringebær og ananas, det funka bra.  I dag hadde eg att litt opptinte kirsebær og blåbær (har alltid bær på havregryna og havregrauten).

For at smoothie skal metta lenger og for å halda blodsukkeret stabilt har eg alltid i ein eller anna form for sunt  fett (som nøtter, frø, nøttesmør, kokos, avocado). Avocado gjer også drikken kremete. Sunt fett må me ha! Ein halv avocado hamna i blendaren.

Væske: 2 dl ananasjuice med lime (kjøpt på flaske) og ci 2 dl vatn (eg skylte ut skålene bæra hadde stått i).

Det smaka fiolette bær…

Fargestoffa i bær, frukt og grønsaker inneheld viktige stoff som held deg frisk, ung og energisk. Det gjeld altså å få i seg så mykje av det som du kan.  Med denne smoothien får du i det ein skikkeleg dose!

Oppskrifta blei altså slik:

  • 2 små rødbeter (så store som store plommer)
  • 2 dl blåbær
  • 2 dl kirsebær
  • 2 dadlar (for litt søtsmak, kirsebær er litt surt)
  • 1/2 avocado
  • 2 dl ananasjuice med lime
  • 2 dl vatn

Ha i god blendar og kjør i eit par minutt.

Eg sår tett, tynnar og kosar meg med «babybetene». (Foto: Jan Inge Haga)

Denne må eg laga fleire gonger! Heldigvis har eg masse rødbeter i hagen. Eg «multisår»/sår i klynger, så dei treng å bli tynna.

Les meir om koss du dyrkar rødbeter her



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: