Tid for å hausta og planta på nytt

Mitt fyrste år med kjøkkenhage sådde eg alt i mars, planta ut alt i starten av mai og dermed blei alt også ferdig omlag samstundes… Nå har eg lært at det er mykje smartare å så og planta ut i fleire omgangar. Både for at eg skal kunne hausta grønsaker over mykje lenger periode, men også for å utnytta plassen. Det er jo dumt å la beda stå tome etter at dei fyrste grødene er klare…
Her skal du få nokre gode tips om nokre grønsaker som er lure å ha som fyrste og andre avling.

Tidlege grønsaker: Reddik, spinat, salat, mainepe, knutekål, brokkoli, løk, rødbeter, sommarkål, tidlegpoteter, fennikel, tidlege gulerøter (tjuvstarta i mjølkekartong), sukkererter. Urter som koriander, dill, bladpersille.
Grønsaker som passar godt som andre avling: Mangold (bladbete), sellerirot, purre, grønkål, svartkål, kvitkål, rødkål, savoykål, haustgulerot, rødbeter, fennikel, bondebønner.
Slik gjer eg det i år:

Fyrste omgang reddikar blei klare i midten av mai. Også salat. Straks dei er oppetne, breisår eg ny runde salat rett i baljane. Då kan eg flytta dei vekk frå steikande sol midt på dagen.

Den fyrste knutekålen tok eg opp den 6. juni, så knaska me jamnt og trutt fram til 15. juni. Då var det tide å ta opp siste rest (dei var i ferd med å gå i stokk).Knutekålen blei erstatta med mangold (bladbete) som eg hadde sådd i pluggbrett fyrste veka i april. Sidan mai har dei stått ute på eit stort brett på terrassen. To gonger har eg potta dei om.

Fennikel er ein flott grønsak! Ein av dei som er enormt mykje betre nyplukka enn “tørr” i butikkhyllene. Både jorda og heile planten luktar anis, og safta renn når eg skjer i han. Alle som har vore innom hagen min den siste tida, har fått seg ein fennikel. Dei siste ville eg spara til dotter mi kjem heim på sommarferie, men akk, i går oppdaga eg at dei var i ferd med å gå i stokk, så då måtte alle opp.

Den ledige plassen gjekk til to store svartkål som lengta etter å koma ut frå pottene på terrassen og over i bedet.
Sellerirot overtok etter tidlege gulerøter. Også sellerirot har stått i potter på terrassen og venta på ledig plass.

Løk har me plukka inn i vekesvis. Både ein måte å tynna på og spre gleda over større tidsrom. Nå synes eg det ser temmeleg “rotete” ut der løken veks – så snart skal resten opp. (Tørk løken i sol). Etter løk i pallekarm sår eg gulrot.

Kvitløken plukkar me også inn jamnt og trutt, men der er ennå att mange. Når alle er opptekne har eg tenkt å så i den store kassen – gulerøter trur eg det blir. Eller kanskje koriander og salat?

Etter brokkoli har eg planta purre. Purren sådde eg i februar…Også den har eg potta om to gonger.

Etter tidlegpotetene var planen å ha romanecokål og savoykål, men så begynte kålplantene å skranta — det viste seg kvite, små, tjukke mark åt på røtene. Då var det bare å kasta dei.. Heldigvis har eg ein “backup” med rødbeter som eg sådde i ein såkasse den 19. mai og prikla den 16. juni.

Eg har også nokre fennikel og diverse kål – også sådd i midte av mai og prikla i midten av juni.
Bondebønner sår eg fleire omgangar av: Dei fyrste som eg planta ut i midten av april et me av nå, dei andre stakk eg ned mellom bringebærplantene i slutten av mai og tredje omgang sådde eg i “roottrainers” den 1. juli. Skal plantast ut der det blir ledig plass..
I går sådde eg også knutekål, kvitkål og rød spisskål “Kalibos”. Blir nok ledig plass i det store potetbedet i Leikeplasshagen på seinsommaren. Her har eg både tidlege, halvseine og seine poteter.
MEIR OM TIDLEGE GRØNSAKER:
Så mykje godt frå kjøkkenhagen! Bli med Alma, Sunniva og Christina og sjå!