Nå er bondebønnene klare, nam, nam!

Nå  er  bondebønnene  klare,  nam,  nam!
Nora (3) og mamma Marte Bøe haustar årets fyrste bondebønner på Leikeplasshagen. (Fotos: Margunn Ueland)

Eg kan ikkje koma på noko som er lettare å dyrka enn bondebønner. Og det som er så godt! Blir rekna som ein delikatesse, og er sjeldan å få kjøpt ferske i butikkar.

Lett å dyrka ja! Og ennå ikkje for seint: Nå bare stikk du dei store bønnene ned i jorda og vatnar grundig viss det er tørt. Det var alt!

Så kjem dei opp på stive og kraftige stilkar. Om jorda ikkje er for feit, klarer dei som regel å stå oppreiste sjølv, utan å måtte støttast opp. Det likar eg! Dei sto til og med oppreiste i den sterke vinden me hadde for nokre veker sidan.

Fyrst kan du gleda deg over vakre og godluktande blomar – kvite med svarte teikningar er det vanlege, nokre sortar har røde blomar.

Frå blom til bønnebelg.

Så ein dag visnar blomane, og belgane tek til å formast.

Eit par veker seinare har belgane blitt store.

Eit par veker seinare har belgane blitt store og kraftige. Lurer du på om dei er klare? Klem litt på dei, så kjenner du om der er bønner inni. Eller opna nokre og sjå. Det gjer ikkje noko om bønnene er små, då kan du eta dei rå!  Det er opp til deg kor lenge du vil venta og kor store du vil ha dei.

Eg synes det er greiaste å ta litt nå og litt då, så varer gleda lenger. Du treng jo ikkje massevis av bønner på ein gong!

Full konsentrasjon. Nora opnar ein belg.. Mamma Marte Bø fyljger spent med.

Å hausta bondebønner er ei oppleving: Dei lysegrøne, store bønnene ligg nemleg som innpakka i vatt i dei kraftige belgane. Glatt og mjukt å stryka fingrane over.

Kjempekonsentrert sat Nora (3) i ti minutt og plukka ut bønner or belgane som ho hadde hausta.  Nøgde gjekk både ho og mamma Marte Bøe heim med ei skål bønner til dagens middag.

Nabo Marte Bø med skål nyplukka bondebønner. Grønkål i bedet til høgre, graskar i bedet til venstre.

Også verdas enklaste bønne å tilbereda: Bare eit par minutt i ei gryte med litt vatn og ein klatt smør. Drys med salt, peppar, persille, eller dill eller mynte – kva du enn måtte ha og kva du likar best.

Årets fyrste bondebønner er ein fest, og kan nytast både åleine (som snacks, forrett, eller lunch om du lagar stor porsjon) eller brukast som siderett til fisk/kjøt/grønsaker.

Nam, nam: Bondebønner og spisskål.

Eg sveipa innom min eigen hage og tok med meg årets fyrste spisskål. Sorten «Early Jersey Wakefield».  Dobbel fest!

Bondebønnene me nå haustar på Leikeplasshagen, planta eg ut i midten av april etter at eg hadde forspirt dei i drivhuset. Eg kunne også ha  sådd rett ut.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: