At kvitløk kan vera så godt!

At  kvitløk  kan  vera  så  godt!
Supergodt og supersunt!

Har du smaka heilt fersk kvitløk? Nyplukka og omsbakt i 5-10 minuttar? Eller rå, i tynne skiver i salaten eller på brødskiva? Knallgodt! Nei, på langt nær så sterkt som den tørka kvitløken du får kjøpt i butikkane.

Tenk at kvart lite fedd William sette i denne dørkarmkassen i fjor haust nå var blitt til ein heil kvitløk! Til venstre veslesyster Nora 3).

William (6) og Nora (3) var superbegeistra då dei drog opp den eine kvitløken etter den andre – ein heil bunt fekk mor Marte med seg heim.

Det er nemleg takka vera William at me nå kan meska oss med masse herleg kvitløk.

I sist innlegg skreiv eg at bondebønner er så lett å dyrka. Kvitløk er endå lettare. Arbeidsinnsatsen er minimal.  Bare å stikka ned fedda på seinhausten, og så venta.

Då eg rydda ut or drivhuset i oktober i fjor, hadde eg dei gamle tomat- agurk- og chiliplantene pluss den gamle jorda oppi ein stor kasse av to dørkarmar.  Eg toppa med eit par trillebårlass kompost, og så stakk William fedda ned.

Willam sette kvitløkfedda i oktober i fjor. Foto: Margunn Ueland

Fedda var frå kvitløk eg hadde fått frå ein ven. I november dekka eg kassen med eit tjukt lag lauv pluss litt sand (for at lauvet ikkje skulle blåsa av), og la fiberduk på toppen for at kattane ikkje skulle tru me hadde laga do til dei.

Åj! William ropar ut høgt når han dreg opp ein stor kvitløk. Legg merke til «slangehovuda». Fotos: Margunn Ueland

Det må vera slangekvitløk: For sjå på biletet koss løken krøllar seg i toppen og set ein spiss miniløkblom: Knallgode å eta rå! Skikkeleg snadder som bare blir servert på gourmetresturantar…

Kvitløkspirer i morgonsol på Leikeplasshagen i april.(Foto: Jan Inge Haga)

I april stakk irrgrøne spirer opp (også kjempegodt). Sidan har dei bare blitt større og kraftigare for kvar veke.  Fedda blei sette temmeleg tett, men det har gått bra: Me har bare tynna litt underveis – små, unge kvitløk er jo ekstra godt.

Stolt kvitløkdyrkar med dagens fangst.

William likte best å dra dei opp – spenninga låg i kor store dei var blitt – mens veslesyster Nora tolmodig pilla av det lilla skalet til kvitløken blei skinande kvit.

Sjå også video på Facebooksida Margunns kjøkkenhage.

 

 

 



2 thoughts on “At kvitløk kan vera så godt!”

  • Hvor dypt og hvor stor avstand har du på hvert fedd du planter av hvitløk ?
    jeg lærer mye av alt du legger ut, takk

    • Hei, tusen takk! Oktober er ei god tid å planta kvitløk på ja. Eg skal gjera det veka som kjem. Stikk fedda ned så djupt at toppen er 2-3 centimeter under jorda. Mellomrom: Ci 10 centimeter.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: