Kjærleik ved fyrste blikk — Årets sommarblomar

Kjærleik  ved  fyrste  blikk  —  Årets  sommarblomar
Sommarsolhatt "Rustic Dwarf", Zinnia i bakgrunnen.

Eg har blitt forelska i Zinnia og sommarsolhatt. For ein variasjon, for ei fargeprakt!

Blomkarse, ringblomar og solsikker er gamle favorittar som eg «må ha» kvart år utanom georginene.  I tillegg likar eg å prøva nye sommarblomar kvart år.  I fjor var det kjempeverbena, blodbeger, pyntekorg (Comsmos) og poppelrose.

I år sådde eg Zinnia og sommarsolhatt for fyrste gong. Det blir ikkje den siste! For begge har blitt nye favorittar hos meg. Av fleire grunnar.

Zinnia.
Sommarsolhatt «Rustic Dwarf».

Det fins mange ulike sortar Zinnia, eg valde «Old Scabiosa» og «Whirlgig Fun». Den siste skal få tofarga blomar og bli 50 centimeter høg.

Zinnia.

«Old Scabiosa» er på 70 cm i fylgje frøkatalogen og er ein «eldre, populær blanding med doble blomar, mange med tett, opphøgd senter og enkle til fleirdobla kantar» i fargeskala frå kvitt og gult til oransje og fleire rosa nyansar.

Zinnia.

Eg blanda dei når eg planta ut, så eg er litt usikker på kva som er kva.

Av sommarsolhatt valde eg sorten «Rustic Dwarf» – 60 cm høg i haustlege, rødlege, gule og oransje nyansar.

Sommarsolhatt «Rustic Dwarf».

Eg sådde mine i drivhuset tidleg i mars, og planta ut i to trekassar fremst i Leikeplasshagen i slutten av april.

Sidan slutten av mai har kassane vore som to store adventskalendarar: Ikkje ei ny luke å opna kvar dag, men ein ny blom. Og mest ingen av dei er like!  Ulike fasongar og ulike fargar. Så kjekt!

Sjå her:

Sommarsolhatt «Rustic Dwarf».
Zinnia.
Zinnia.
Zinnia.
Zinnia.

Eg planta tett, men det ser ut til å gå fint, for eg har grunna kassane med halm, hestemøkk og masse kompost.

Fremst på dette biletet ser du dei to kassane kor eg har planta Zinnia og sommarsolhatt. Bak: Grønsaker. Til venstre georginer. Sofie heiter jenta. Biletet var teke den 11. mai av Jan Inge Haga.

Dei står frodige og fine med mørkegrøne blad, utan at eg har gitt dei gjødsel, bare vatn dei vekene det var så turt og varmt.

To viktige plussar:

Både Zinnia og sommarsolhatt  er ikkje bare vakre i sol, men også i regn.

Dei er tette, har sterke i stilkar og passeleg høge slik at dei står fine og rake utan å måtta bli støtta opp om det bles aldri så mykje.

Sommarsolhatt «Rustic Dwarf».
Zinnia.

SJÅ OGSÅ:

Solsikker som ikkje bles ned.

Ti grunnar til at eg må ha blomkarse.

Gå for georginer, overdådig blomeprakt, mest gratis. 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: