Så mykje godt frå kjøkkenhagen! Bli med Alma, Sunniva og Christina og sjå!

Så  mykje  godt  frå  kjøkkenhagen!  Bli  med  Alma,  Sunniva  og  Christina  og  sjå!
Stolte løkdyrkarar: Alma (4), Sunniva (8) og Christina (11). (Fotos: Mona Hegelstad, Rolf Norås, Margunn Ueland)

Løk, gulerøter, brokkoli, jordbær, bondebønner, stangselleri, rødbeter, poteter, grønkål, solsikker, blomkarse – Alma (4), Sunniva (8) og Christina (11) ville sjå og smaka på alt i kjøkkenhagen då dei kom på besøk i helga. Kom, bli med på runden!

Er det løk å finna? Alma (4) grev til sides grasdekket, Sunniva ventar i spenning.

Fyrst måtte dei sjølvsagt sjå  koss det hadde gått med det dei sådde i drivhuset i påska. Då putta dei setteløk i små potter, sådde blomkarse og solsikker i beger og gulerøter i mjølkekartongar.

Kor var løken? Der, under dei løkluktande, tjukke grøne stilkane. Varmsamt breia med grasdekket til sides: Og der: Løkar!

Sunniva med rødløken ho sette og Alma med sjalottløk i venstre hand.

Ivrige drog dei opp, rød løk, gul løk (det vil seia, han var meir kvit enn gul, for det var ikkje så mykje skal på dei ennå) og ein sjalottløk var blitt til ei heil klynge av seks! Tenk på det, du!

At løk kan lukta så godt! Christina snusar inn.

Ivrige drog dei opp, løfta i veret, viste mamma og snuste inn. God lukt!

Koss hadde det gått med gulerøtene? Stor spenning: Alma halte opp den største, dei andre var temmeleg små, men gode!

Sjå på den, du!
Ikkje så veldig stor, akkurat…

Det grøne gulrotlauvet hamna i ein pose til kaninen «Ludde». Det gjorde også restane av brokkoliplantene etter at jentene hadde knaska i seg dei siste små brokkoliskota.

Tenk så glad kaninen Ludde blir når Christina kjem heim med dette!

Ein god del brokkoli har blitt hausta inn, nå var det på tide å seia takk og farvel til dei slik at nye plantar kan overta plassen.

Nokon som påstår at ungar ikkje likar grønsaker? Gjeld i alle fall ikkje når dei får dyrka og plukka dei sjølv!

Sunniva ville også smaka på svartkålen.

Sunniva tek eit jafs av svartkålen.

Men sjå, ein larve! Så fin, med svart-gul-grønt mønster! Drepa larven? Jentene stirra på meg. Eg skjøna det var heilt feil. Larven måtte reddast og fekk ny heim laaaangt borte frå kålplantene mine.

Godt jentene kom, slik larven slapp å bli drepen…

Kor larven kom frå? Frå kvit sommarfugl som hadde lagt bittesmå egg. Me leita og fann: Der er lillebrødrene til larven, kommenterte Alma. Dei måtte også flyttast til ein annan stad.

Sunniva fann det neststørste jordbæret.

Aller best smakte jordbæra.

Poteter!

Kva var dei grøne plantene med kvite blomar? Poteter! Kor var potetene? Under jorda…  Me hendene grov me grasdekket til sides og det øverste jordlaget. Sjå der! Store poteter! Mest ikkje til å tru! Og endå fleire, lenger ned! Makkane likte ikkje å bli forstyrra, dei krelte avgarde då eg stakk eit greip ned i jorda for å få opp heile planten. Dei nederste var bare små perlepoteter. Og ytterst på dei lengste røtene, nokre bittesmå lyse perler! Potetbabyar!

Godt! påsto Christina.

Dette var stas. Ikkje snakk om å venta på potetkoking. Smaken måtte testast ut straks, rå.

Unge stilkar av stilkselleri måtte også smakast, Sunniva likar det så godt. Stikkelsbæra var ennå harde og grøne og stikkertane spisse.

Sunniva beundrar solsikkene ho var med på å så tidleg i vår.

Kor var blomkarsen? Jentene lurte fælt. Der? Nei, det var Zinnia og solhatt. Men der, dei med gule og oransje blomar og runde, grøne blad, det var blomkarsen. Eit frø var blitt til ein plante med mange blomar og lange stilkar! Det var mest ikkje til å tru. Og tenk, dei vil få endå lengre stilkar og mange fleire blomar, kanskje hundre pr. plante! Og kvar blom blir til eit nytt frø..

Solsikkene fann dei fort. Veldig fine, men rart med solsikker som dei måtte sitja på huk for å beundra.

Små graskarkuler som skal bli gedigne graskar, gule squashblomar som blir squash var også eit lite eventyr.

Koss ser dei ut inni, tru?

Sukkererter? Nei, bondebønner. Me opnar: Som eit smykkeskrin! Bønnene ligg som innpakka i vatt. Alma stryk over vatten med fingrane – så mjukt, godt og glatt å ta på. Mamma likte smaken, men ikkje Alma. Ho spratt avgarde for å finna fleire jordbær.

Kva kan me finna under dei store blada her?

Inn i drivhusjungelen: Klarte dei å finna agurkar? Nei, ikkje med det same. Men ta ein kikk under dei store grøne blada… Der var bittesmå gule blomar, og i enden på nokre nokre mini-mini-agurkar, så søte! Hyl! Sunniva oppdaga tre store lenger ned. Store og store, — ikkje nett slangeagurk, men store til snackagurkar å vera.  Nam, nam, knask, knask.

Snackagurk er skikkeleg snacks!

Tomat? Ikkje klare…. Ennå grøne. Men der var ein med med svarte striper, så rart! Ja, det fins mange ulike sortar tomater. Nokre små, søte og oransje på klasar, nokre blir store og røde, andre stripete … Det blir spanande å smaka og sjå seinare i sommar.

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: